skilleBanner kroningsjubileet skille_slutt
Toppbanner Her & Nå 3_1_gif
Her er du: NRK.no > Programmer > Radioarkiv > Her & Nå
Her & Nå
Tlf. 7388 1400

 
DU KAN JOBBE SÅ MYKJE DU VIL:

- Fri flyt av overtid

Stortinget vil tillate folk å arbeide heile 500 timar overtid i året.
- Det kjem til å gjere endå fleire arbeidstakarar utbrende og utslitne, meiner arbeidsmedisinar Håkon Lasse Leira.

Publisert 05.02.2003 14:41. Oppdatert 01.04.2003 10:46.
LYD OG VIDEO  Lyd Video
Hjelp | Mer lyd og video
Av Kjetil Malkenes Hovland og Aagot Opheim

- Desse reglane opnar for ei auka brutalisering av arbeidslivet, og ei spreiing av den farsotten med utbrende folk som vi ser allereie, seier Håkon Lasse Leira, overlege ved Arbeidsmedisinsk avdeling på St. Olavs hospital.

Han trur folk har vanskeleg for å seie nei til overtid når arbeidsgivaren spør. Særleg gjeld dette i omsorgsyrke, der ein veit at det ligg gamle og sjuke og er avhengig av hjelp.

Skremselspropaganga

- Dette vil føre til auka stress og auka press, seier Leira. Statssekretær Lars Arne Ryssdal i Arbeids og administrasjonsdepartementet meiner derimot at dette er skremselspropaganda. - Det er viktig å ikkje tvinge folk til å arbeide for mykje, seier han, - og slikt vern skal folk framleis ha i lovverket.

- Dette er bemerkelsesverdig

No kan du jobbe inntil 500 timar overtid i året.
- Forslaget til ny lov framstiller det som om arbeidstakar er likestilt med arbeidsgivar, men slik er det ikkje. Når arbeidsgivaren spør, svarar ein gjerne ja, seier Leira.

Arbeids- og administrasjonsdepartementet sitt forslag til endringar i arbeidsmiljøloven skal opp i Stortinget i morgon, og regjeringspartia får etter alt å dømme fleirtal for sitt forslag med støtte frå FrP.

- Til og med Arbeidstilsynet går imot dette forslaget. Eg finn det bemerkelsesverdig at Arbeids- og administrasjonsdepartementet går imot sin eigen faginstans på feltet, seier Håkon Lasse Leira.

Også Kommunalkomiteen går imot regjeringa sitt forslag til nye overtidsreglar. Ap, SV og Sp har fleirtal i komiteen - men ikkje i Stortinget.

Kan få 84-timarsveke

Når loven trer i kraft, kan du jobbe så mange timar du vil kvar veke, og det er ingen grenser for kor mange timar du jobbar per månad. Det einaste kravet er at du ikkje overstig 16 timar for dagen, og at gjennomsnittet ditt i løpet av eit heilt år er mindre enn 48 arbeidstimar i veka.

Mange av høyringsinstansane ynskjer at det ikkje skal gjerast endringar i Arbeidsmiljølova no, men at Arbeidslivslovutvalget får lov til å gjere ei heilheitleg vurdering. Utvalet skal komme med forslag til eit heilheitleg lovverk i desember.

Usamde med departementet

Arbeidstilsynet ynskjer at overtida bør begrensast meir "av vernemessige hensyn". Tilsynet seier i si høyringsuttale at departementet bør gå gjennom heile regelsettet for arbeidstid og overtid seinare.

Utdanningsgruppenes Hovedorganisasjon påpeikar i sin merknad at overdreven overtidsbruk kan gå ut over tryggleiken i til dømes politi- og lensmannsetaten og helsevesenet.

Mange av høyringsinstansane trur overtidsreglane kan gjere det vanskeleg for enkelte grupper å komme inn på arbeidsmarkedet, og at faren for utstøyting aukar.

Yrkesorganisasjonenes Sentralforbund trur dei nye reglane kan føre til at mange går over i deltidsstillinger for å verne sitt privatliv. Dette vil særleg gjelde kvinnedominerte yrker.

LO meiner at overtidsreglane er tilstrekkeleg fleksible slik dei er i dag, og at bruken av overtid bør avgrensast i størst mogeleg grad.

Fleire av høyringsinstansane, mellom anna LO, trur det blir vanskeleg å motstå presset frå arbeidsgivaren når ein sjølv må forhandle med arbeidsgivar om overtid, i staden for at Arbeidstilsynet set grenser.

Dette er endringane:

Dagens reglar:
- Bedrifta kan avtale med deg at du jobbar inntil 300 timar overtid i året, i konsultasjon med tillitsvald
- Maksimalt kan du jobbe 10 timar per dag, men inntil 16 timar etter avtale med fagforeninga
- Du kan ikkje jobbe meir enn 25 timar overtid innan ein firevekersperiode.

Nye reglar:
- Du kan jobbe inntil 520 timar overtid i året
- Maksimalt kan du jobbe 14 timar for dagen, men inntil 16 etter avtale med tillitsvalde
- Dette betyr at du fullt lovleg kan jobbe 84 timar i veka i lengre periodar.
- Overtida må ikkje overstige eit snitt på 48 timar i veka innan ein 4-månadersperiode. Denne perioden kan utvidast i inntil eitt år dersom du og tillitsvalde går med på det skriftleg.- Du kan jobbe inntil 500 timar overtid i året



 
Dagens kåseri
Her og Nå - hør siste sending
10 SISTE HER & NÅ
10 SISTE NYHETER
Copyright NRK © 2008  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no