skilleBanner kroningsjubileet skille_slutt
Toppbanner Her & Nå 3_1_gif
Her er du: NRK.no > Programmer > Radioarkiv > Her & Nå
Her & Nå
Tlf. 7388 1400

 
Kåseriet:

Perler for svin

Landbruksstyresmaktene i EU har vedtatt at grisebønder frå nå av må utstyra grisebingane med ballar eller andre ting som grisene kan leika med. Bøndene kan få bøter eller fengselsstraff dersom dei ikkje rettar seg etter vedtaket.
Av Egil Johan Ree

Publisert 31.01.2003 14:40.
Ein skal ikkje kasta perler for svin. Svina kan skli på dei og brekka beina. Dette gode rådet kom i si tid frå Fredrik Stabel, skaparen av den fornemme institusjonen Dusteforbundet. Heldigvis er det ikkje perler EU tilrår svinebøndene i Europa å bruka, men frå nå av må dei ver så god syta for at grisene har noko å leika seg med i bingane sine, ballar til dømes.

I EU-direktivet heiter det at formålet er å gjera miljøet for grisene rikare ved å gi dei manipulerbart materiell. Ein talsmann for det britiske landbruksdepartementet presiserer at det kan vera snakk om fotballar eller basketballar. Det kan også bli naudsynt å skifta ballar av og til, gjerne då byta til ballar med ulik farge, for grisene kan bli leie av å leika med same ballane heile tida.

At det ikkje er tome trugsmål byråkratane i Brussel fer med, går fram av det faktum at det er snakk om både fengsel og bøter for dei bøndene som ikkje rettar seg etter dei nye vedtektene. I England kan det bli bøter på opp til 1000 pund, dvs. over 10 000 kroner.

Ikkje uventa har direktivet frå Brussel vekt ei viss oppsikt bland bøndene i EU. Ein innsendar i eit bondeblad i England skriv såleis nokså nedlatande om det han kallar "Europa-diktatorane". Men det går fram av innlegget at han lojalt har prøvd å retta seg etter påbodet. Grisene hans har fått både eit leikefly av plast og ein rufsete teddybjørn. Problemet var berre at dei reiv sakene sund nokså fort, så mannen har innsett at det må meir solide saker til.

Nå er det sjølvsagt slik at direktivet kanskje ikkje er så heilt meiningslaust, for det er eit faktum at griser strengt tatt ikkje er skapte for å leva i ein naken og trong binge. Dei vil gjerne rota og grava med trynet sitt, og dersom dei ikkje får høve til det, har dei ein tendens til å gå laus på den grisen som står nærast. Då kan både halen og øyro til naboen vera i fare.

Norske styresmakter er og velkjende med problemet, men etter det dei opplyser til Dagbladets nettsider, er det ikkje snakk om å gi norske griser ballar eller anna leikety. Her greier det seg om bøndene legg halm og sagflis eller liknande i bingen slik at grisene har noko å rota i. Det kan såleis sjå ut til at det i dette tilfelle er snakk om eit Brussel-direktiv som EØS-landet Noreg ikkje treng å ta heilt bokstaveleg.




 
Dagens kåseri
Her og Nå - hør siste sending
10 SISTE HER & NÅ
10 SISTE NYHETER
Copyright NRK © 2008  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no