skilleBanner kroningsjubileet skille_slutt
Toppbanner Her & Nå 3_1_gif
Her er du: NRK.no > Programmer > Radioarkiv > Her & Nå
Her & Nå
Tlf. 7388 1400

 
Kåseriet:

Den fredsæle utanriksminister Petersen

Dei fleste ekspertane trur at talen som president Bush heldt i natt tyder at USA er innstilt på å gå til krig mot Irak, same kva FN og verda elles måtte meina. Men utanriksminister Jan Petersen tolkar ikkje talen slik.
Kåseri av Egil Johan Ree

Publisert 29.01.2003 14:42. Oppdatert 03.02.2003 12:33.
Han gjer så godt han kan, Jan Petersen. Denne tilsynelatande fredsæle sjefen i Utanriksdepartementet som blunkar så hardt med augo av og til, vil så gjerne vi skal tru at det ikkje blir nokon krig.
Han gjer så godt han kan, Petersen. Denne tilsynelatande fredsæle sjefen i Utanriksdepartementet som blunkar så hardt med augo av og til, vil så gjerne vi skal tru at det ikkje blir nokon krig. Det var ikkje noka krigserklæring president Bush kom med i natt, seier Petersen. Det viktigaste han sa var at han framleis er villig til å snakka med FN.

Nå må vi venta, seier Petersen, venta og høyra kva FN meiner etter at utanriksminister Powell i neste veke har lagt fram det Bush meiner er prov for at Saddam har masseøydeleggingsvåpen.

Vi skal nok greia å venta ei veke, men etter å ha høyrt talen til Bush kjenner vi oss slett ikkje så sikre på at den amerikanske presidenten trekkjer heim alle soldatane og alle våpna sine og lar vera å gå til krig. Dei fleste ekspertane som uttalar seg i dag høyrest og ut til å meina at det ser mørkt ut.

Det er berre ein teoretisk sjanse for at det ikkje blir noko amerikansk åtak mot Irak, seier forskaren Henrik Thune. Talen gir lite von om at ein krig kan unngås, seier diretør Stein Tønneson ved Institutt for fredsforsking. Forskaren Jonas Uchermann ved det same instituttet seier at om det har vore tvil før, er det ikkje tvil nå om at USA kjem til å gå til krig.

Men utanriksminister Petersen ser ikkje så mørkt på det, eller gjer han kanskje det inst inne? Er det berre for å trøysta og oppmuntra oss nervøse sjeler at han framleis verkar optimistisk? Ikkje veit vi, og kanskje veit ikkje Petersen det heller.

Han snakka seg litt bort i NRK i dag tidleg, vart litt utflytande, som han sa, og ville gjerne gjera opptaket om att. Men så var det ikkje opptak, synte det seg, det var direkte sending. Det er nok ikkje så enkelt alltid å vera utanriksminister og måtta snakka om vanskelege ting, særleg ikkje så tidleg om morgonen.

Men, som sagt, han gjer så godt han kan, Petersen. Han kan jo i alle fall ikkje seia at han er motstandar av krig, for då får han Bondevik på nakken. Statsministeren sa i Stortinget i dag at dersom ein kategorisk avviser krig, kan det auka faren for krig.

Så då bør vi altså teia, vi som ikkje vil ha krig, elles hjelper vi Saddam. Men vi sluttar oss gjerne til hærføraren frå den førre krigen mot Irak, general Schwarzkopf, som i dag kommenterer den amerikanske forsvarsministeren Donald Rumsfeld:
- Oppriktig tala, så blir eg litt nervøs av noko av det han seier.


 
Dagens kåseri
Her og Nå - hør siste sending
10 SISTE HER & NÅ
10 SISTE NYHETER
Copyright NRK © 2008  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no