skilleBanner kroningsjubileet skille_slutt
Toppbanner Her & Nå 3_1_gif
Her er du: NRK.no > Programmer > Radioarkiv > Her & Nå
Her & Nå
Tlf. 7388 1400

 

- Horer bør få sluttpakke

- Horer bør få tilbod om sluttpakke, som eit tiltak mot prostitusjon, foreslår fleire kvinneorganisasjonar. Dei krev at horekundar blir stempla som kriminelle og at kvinner får hjelp til å slutte å prostituere seg.

Publisert 27.01.2003 16:07. Oppdatert 27.01.2003 16:23.
LYD OG VIDEO  Lyd Video
Hjelp | Mer lyd og video
- Skreddersy sluttpakkar, og hjelp dei til å slutte, seier likestillingsdirektør Mona Larsen-Asp.

- Ingen fallskjermar for prostituerte

I næringslivet og i det offentlege får folk sluttpakkar, etterlønn og fallskjermar når dei sluttar i jobben sin.

- Det finst ingen fallskjermar for prostituerte som vil slutte i jobben, seier seks kvinneorganisasjonar som i dag kalla inn til pressekonferanse.

Dei vil vite kva dei prostituerte treng for å kunne seie opp horekunden som arbeidsgivar.

- Vi ynskjer at regjeringa skal setje ned eit utval som ser på kva dei prostituerte treng for å kunne slutte, seier Mona Larsen-Asp.

Ho er leiar for Likestillingssenteret, som står saman med Krisesentersekretariatet, Kvinnefront, Senter for kvinner og utviklingsspørsmål, Fokus, Juridisk rådgivning for kvinner og kvinnegruppa Ottar. Saman har dei sendt eit brev til Statsministeren sitt kontor.

- Ein realistisk idé

- Eit slikt samarbeid er nytt - og viktig, seier leiar for Krisesentersekreteriatet, Tove Smaadahl.
- Eg meiner det er realistisk å gjennomføre ideen om sluttpakkar, men då må dei utsette få tilført midlar nok til å klare seg. Men vi fryktar at det er med dette som med vald mot kvinner elles i samfunnet, det er noko vi ikkje vil høyre om, ikkje vil sjå, ikkje vil vite noko om.

Nokre av jentene som har komme til Noreg gjennom trafficking hamnar på krisesentra, som Smaadahl har ansvaret for. Difor kjenner ho til problema deira.

- Vi veit at 700.000 kvinner kjem til Europa for å drive prostitusjon. Nokre av desse kjem også til Noreg, seier Smaadahl.

Kjem via "trafficking"

Utanlandske jenter som blir smugla inn i landet via det som blir kalla "trafficking", utgjer ein stor del av dei prostituerte i Noreg. Dei blir selde eller kidnappa og smugla inn i landet for å bli horer. Desse jentene må òg få sluttpakkar slik at dei kan komme seg ut av prostitusjonen, meiner dei seks organisasjonane.

- Ingen driv med prostitusjon fordi det er noko dei ynskjer å drive med. Det er eit helvete på jord, seier Mona Larsen-Asp.

Om nokre veker skal regjeringa leggje fram ein tiltaksplan mot kjøp av kvinner. Dei seks kvinneorganisasjonane vil ha med ideen om sluttpakke i denne planen.

- Må få starte på nytt

Og likestillingsdirektøren forventar at regjeringa tek kvinnenettverket sine idear inn i tiltaksplanen mot kjøp av kvinner.

- Vi har valt å kalle det ein sluttpakke, eller ein startpakke om ein vil. Dei prostituerte må få pengar til å klare seg sjølv, anten det gjeld bustadstøtte, yrkesvegleiing eller utdanning, seier Larsen-Asp.

- Sjølve ideen kan eg ikkje ta stilling til, men vi tek dette utspelet med i den vurderinga vi held på med no, seier statsekretær Rita Sletner i Justisdepartementet.


 
Dagens kåseri
Her og Nå - hør siste sending
10 SISTE HER & NÅ
10 SISTE NYHETER
Copyright NRK © 2008  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no