skilleBanner kroningsjubileet skille_slutt
Toppbanner Her & Nå 3_1_gif
Her er du: NRK.no > Programmer > Radioarkiv > Her & Nå
Her & Nå
Tlf. 7388 1400

 
KRFU OM NRK 2:

- Bør ikkje vise porno

- Allmennkringkastaren NRK 2 bør ikkje vise usladda porno, seier leiar Per Steinar Osmundnes i Kristelig Folkepartis ungdom. "Sansenes rike" var forbudt i 27 år. Laurdag vert filmen synt på NRK 2.

Av Kjetil Malkenes Hovland. Publisert 23.01.2003 16:23. Oppdatert 23.01.2003 16:30.
LYD OG VIDEO  Lyd Video
Hjelp | Mer lyd og video
- Eg er svært overraska og litt irritert over at NRK 2 vil vise denne filmen. Den inneheld pedofili, nekrofili, lystbetont kvelning og kastrering. Det er ikkje slikt ein bør sende i allmennkringkastaren NRK 2 på familiekvelden laurdag, seier Per Steinar Osmundnes i Kristelig Folkepartis ungdom.

Han såg "Sansenes rike" i går, og likte ikkje det han såg.

- Vart kvalm av filmen

Frå "Sansenes rike".
- Eg vart kvalm av å sjå filmen, den inneheld stygge scener som eg ikkje ser nokon grunn til at det norske folk skal sjå. Ein allmennkringkastar bør ikkje gjere porno tilgjengeleg på norske fjernsynsskjermar, for porno er er nedgradering av menneskeverdet, seier Osmundnes.

Og filmmeldar Einar Guldvog Staalesen i NRK er samd i at filmen er provoserande. Men han meiner tvert imot at dette gjer filmen betre.

- Eit stort kunstverk

Einar Guldvog Staalesen
- Dette er eit stort kunstverk over temaet besettelse og erotikk. "Sansenes rike" er ikkje det han blir skildra som her. Filmen er ein av historias mest omtalte og hylla kunstverk. Dette er noko av det flottaste som er skapt innen filmen, men også noko av det mest provoserande. Og det er den viktigaste kvaliteten ein film kan ha, seier Guldvog Staalesen.

Han meiner KrFU heller burde konsentrert seg om valdskulturen på fjernsynet enn å bry seg med skildringane i "Sansenes rike", som faktisk får folk til å reagere, engasjere seg og debattere.

- Eg tykkjer uansett ikkje at pedofili og nekrofili er kunst og kultur, seier Osmundnes.

Basert på sann historie

I 1936 vart ei forvirra kvinne oppdaga på gata med ein avskoren penis i handa, og pågripen av japansk politi. Det var denne hendinga som inspirerte regissør Nagisa Oshima til å lage "Sansenes Rike".

Den unge kvinna Sada prostituerer seg for å betale ektemannen si gjeld. På bordellet blir ho forelska i Kichi, som er gift med sjølvaste horemammaen. Sada er så forelska i Kichi at ho til eikvar tid må ligge med han. Stort meir er det ikkje av ytre handling i filmen "Sansenes rike".

Filmen er knapt komme i gang før dei to elskarane ligg med kvarandre i senga, på golvet, i trappa og så bortetter. Og ein anar snart at sånn kan det ikkje fortsette i det uendelege. Dei to blir stadig meir valdelege, og sadistiske, og noko er nøydd til å skje.

Ingen gadd importere filmen

Då filmen kom for vel tretti år sidan, var det ingen som ein gong tenkte på å importere han til landet, fordi dei visste han ville bli forboden. Det vart han også då Arthaus ville importere filmen i 1999. Statens filmtilsyn hadde denne grunnen:

"Filmen kan ikke godkjennes for visning i næring, fordi den krenker sømmelighet. Gjennomgående skildres nærgående seksuelle handlinger, delvis med fokus på kjønnsorganer, og delvis seksuelle skildringer av sadomasochistisk karakter som ender med drap."

Dermed vart filmen forboden. Men i 2001 meinte Filmklagenemnda at filmen hadde kunstneriske kvalitetar, og at han dermed - ifølgje lova - kunne visast, med 18 års aldersgrense Filmen hadde då vore forboden i 27 år.

Skandale sidan 70-talet

"Sansenes rike" var ein sensasjon på filmfestivalen i Cannes så tidleg som i 1977. Cannes likar å velte seg i skandaler, og den japanske filmen føya seg fint inn i rekkja. For dei to elskarane nøyer seg ikkje med å liggje saman. Dei blir stadig meir sadistiske utover i filmen. Det blir til tider litt for mykje, tykte filmmeldar i NRK Birger Westmo om filmen då han kom i 2001.

- Dei som ser filmen for å få med seg pornografiske skildringar, blir skuffa. Dei to har stort sett sex med kleda på - heile tida. Det nærmar seg til tider det keisame. Nei, det er keisamt, sa Westmo.


 
Dagens kåseri
Her og Nå - hør siste sending
10 SISTE HER & NÅ
10 SISTE NYHETER
Copyright NRK © 2008  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no