- Retten må være varsom med å blande seg inn i kven ei bedrift skal seie opp, sa Bravida sin advokat Kjell Torkildsen i arbeidsretten i dag. Ni telemontørar har gått til rettssak fordi dei meiner seg usakleg oppsagt.
- Det er vanskelige avgjerder som skal takast. Dei som har skoen på veit best kor den trykker, seier Bravida sin advokat Kjell Torkildsen.
- Ville ikkje kunne konkurrere
 |
Bravida ville ikkje vere konkurransedyktig dersom dei eldste fekk behalde jobben, forklarte Bravida sin advokat i dag. |
Han forklarte i dag at Bravida har vore i ein vanskeleg situasjon etter at dei vart skild ut frå morselskapet. Telenor har bygd opp fleire konkurrentar, noko som har gjort at bedrifta må vere mest mogeleg effektiv.
- Det ville skje ei forgubbing dersom firmaet skulle gå etter ansiennitetsprinsippet. Og då ville ikkje Bravida vere konkurransedyktig, seier Torkildsen.
Dei ni telemontørane som har gått til sak, installerte telefonkablar og la rør for Bravida. Då bedrifta gjekk til oppseiingar i fjor, var det ifølgje LO sin advokat tilfeldig kva tilsette som fekk halde fram i jobben.
- Gjekk etter trynefaktor
- Bravida handplukka folk etter trynefaktoren då selskapet gjekk til masseoppseiingar i fjor, sa LO-advokat Karl Inge Rotmo i retten tysdag.
- Det er snakk om tilsette som i mange år har vore med på å byggje opp Telenor, nokre av dei har vore tilsett så lenge som 25 år. Ein må følgje ansiennitetsprinsippet når ein avgjer kven som får behalde jobben, sa Rotmo i går.