skilleBanner kroningsjubileet skille_slutt
Toppbanner Her & Nå 3_1_gif
Her er du: NRK.no > Programmer > Radioarkiv > Her & Nå
Her & Nå
Tlf. 7388 1400

 

- Noreg eller døden

- Eg ville ikkje ha vore i live i dag viss eg ikkje hadde betalt masse pengar for å komme meg ut av Somalia og til Noreg, seier Salim Marey Salim. Han betalte 65.000 kroner for bli frakta til Noreg.

Publisert 21.01.2003 16:12. Oppdatert 21.01.2003 16:16.
LYD OG VIDEO  Lyd Video
Hjelp | Mer lyd og video
- Eg har selt alt eg eig for å komme hit, seier Salim Marey Salim.

Salim Marey Salim er somalisk asylsøkjar og kom til landet på laurdag. Førebels bur han på Tanum transittmotak i Bærum.

Selde husa sine

- Eg hadde to hus og selde dei begge. Eg gav alt for å komme meg ut av Somalia, seier han.

Laurdag formiddag klokka halv elleve stoppa tollarane på Svinesund ein nederlandskregistrert minibuss. I den sat Hadra Osman Farah. Ho er enke og har ei dotter på tolv år som framleis er i Mogadisju i Somalia.

- Eg er heilt åleine her, seier ho.

Kring handleddet har Hadra eit armband av sølv, og to av tennene hennar er av gull. Resten av gullet sitt har ho selt. Ho måtte også selje huset sitt for å betale mannen som skulle frakte henne til Europa.

- Eg betalte han 6000 dollar for å frakte meg ut, seier Hadra.

Alle blir menneskesmugla

Alle somaliere som kjem til Noreg, er blitt menneskesmugla, seier Salim Marey Salim.

Han fortel at menneskesmuglarane veit kva dei driv med.

- Fyren tok bilde av meg og gav meg eit pass. Så frakta dei meg ut derfrå og til Europa. Det er bra at det finst slike folk, seier han.
- For eit menneskeliv er ingenting verd i Somalia.


 
Dagens kåseri
Her og Nå - hør siste sending
10 SISTE HER & NÅ
10 SISTE NYHETER
Copyright NRK © 2008  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no