Kåseriet: Lystmordar i RogalandFor første gong på over hundre år er det registrert ulv i Rogaland. Sør i fylket har han tatt ti sauer, og nå er bøndene sinte fordi Direktoratet for naturforvaltning har avslått fellingsløyve.
Av Egil Johan Ree Publisert 21.01.2003 14:23. Ein lystmordar går laus i den sørlege delen av det største sauefylket i landet. Eit streifdyr, seier dei, ein einstøing som har vandra over fjellet frå Aust- eller Sørlandet. Det må vera ein ulv med instinkta i orden, for anten han veit det eller ikkje, så er han komen i det gjevaste matfatet han kunne finna på denne tida av året. I heiane sør for Eigersund er det lite eller ikkje snø og for tida er veret mildt og fint. Her slepper bøndene sauene ut nesten kvar dag på denne årstida, og om ikkje ulven skulle ha lyst på sau, kan han finna rådyr og småvilt. Det er nesten rart at han ikkje har funne fram til desse kantar før.
Men nå er han her og debatten mellom bønder og naturvernarar er i full gang. Og i ulvedebatt er engasjementet minst like stort som om det var religion eller alkhol det gjaldt. Bøndene er sjølvsagt ikkje i tvil. Ulven må skytast. Han har ingenting her å gjera, han får halda seg ved svenskegrensa og elles der styresmaktene har sagt at han skal vera. Regjeringa har bestemt at i Rogaland skal det ikkje vera ulv, så for så vidt skulle alt vera i orden. Men så enkelt er det ikkje likevel. Sauedreparen i Dalane er eit streifdyr. Han kan finna på å dra tilbake der han kom frå, og etter direktoratet si meininghar han ennå ikkje gjort stor nok skade. Altså skal han få leva - i alle fall førebels. Men han må passa seg, for direktoratet har lova å følgja med. Finn han på meir tull i saueflokkane, kan det bli fellingsløyve. Og skulle han til alt overmål skaffa seg ein make og gjera teikn til å slå seg ned fast, er han dødsdømd.
Naturvernarane vil gjerne ha ulven her. Sauebøndene får skaffa seg gjetarar, seier dei, eller setja opp gjerde som dei kan ha sauene innanfor. Og om det skulle gå med nokre sauer, får vi finna oss i det. Bøndene får erstatning likevel, - seier altså naturvernarane som sjølvsagt møter like lite forståing blant bøndene i Dalane som Direktoratet for naturforvaltning gjer.
Sauebøndene har låst sauene sine inne og henta fram børsa. Avslaget på fellingsløyvet var vondt å svelgja. Om ulven kjenner sitt eige beste, bør han, trass i avgjerda i direktoratet, halda seg langt borte frå folk og gardar i det sørlege Rogaland.
|