30 vidaregåande skular vil ikkje ta imot homoavisa Blikk. Nokre seier dei returnerer avisa fordi ho strir mot det skulen står for, andre oppgir plassmangel som årsak. Men ungdom treng slike blad, meiner Kristinn Hegna, som er forskar ved Nova.
- Informasjon er viktig ikkje berre for elevar, men også for omgivnadene deira. Eit slikt magasin kan vere med på å normalisere homofili, seier Nova-forskar Kristinn Hegna.
 |
Mange vidaregåande skular sender homoavisa Blikk i retur, utan at elevane får lese ho. |
Mange vidaregåande skular sender homoavisa Blikk i retur, utan at elevane får lese ho.
- Dette er sensur, meiner Blikk-redaktør Christian Bjørnæs.
- Informasjonsbehovet er stort. Vi prøver å gjere noko med dette utan å belaste skulane økonomisk.
Får bladet gratis
Alle vidaregåande skular får tilsendt Blikk gratis, for at elevene skal få lett tilgang til informasjon om homofili. Men no sender så mange som tretti skular magasinet attende.
- Nokre går til og med så langt som å seie at dei ikkje ynskjer å motta avisa, fordi innhaldet ikkje stemmer overeins med det skulen står for, seier Bjørnæs.
Men det mest vanlege argumentet var at skulane ikkje hadde plass i hyllene.
- Det trur eg ikkje på. Det er ingen grunn til å sende bladet i retur med sinte, gule lappar på dersom det er plassmangel i hyllene som har skulda, seier Christian Bjørnæs.
Siri Hall Arnøy frå SV tykkjer det er forkasteleg av skulane å levere avisa attende.
- Kan hindre sjølvmord
- Ein av fire homofile og lesbiske under 25 år har prøvd å ta livet av seg, og vi veit at informasjon truleg er det viktigaste verkemiddelet for å få ned dette talet, seier Arnøy.
Ho meiner det er uakseptabelt at skular med vitande og vilje unngår å gi elevane informasjon om dette temaet, og vil difor ta saka opp i spørjetimen på Stortinget onsdag.
Talet på sjølvmordsforsøk blant lesbiske og homofile er dobbelt så høgt som blant heterofile ungdommar.
- Det er spesielt at skular skal vere dei som begrensar tilgangen på informasjon, seier forskar Kristinn Hegna.