Dei unge kastar seg på EU-bølgja. 58 prosent av dei under 30 år som har bestemt seg, seier ja til EU.
Vinden har snudd sidan 1994. Stadig fleire unge vil inn i EU.
For to år sidan ville berre 27 prosent av dei unge inn i EU, viste ei meiningsmåling. No vil 58 prosent av dei under 30 inn i EU - av dei som har bestemt seg. 17 prosent er enno usikre.
Det viser ei meiningsmåling Opinion har utført for NRK og Aftenposten.
- Nei-sida må fram
 |
Meiningsmålingane viser at fleire unge vil inn i EU. |
- Nei-sida har ikkje fått fram kva EU handlar om. Når vi får fram det, vil vi igjen sjå eit nei-fleirtal på ny, seier Trygve Magnus Slagsvold Vedum i Senterungdommen.
- Ungdom og kvinner stemte nei i 1994, og det vil dei gjere igjen. EU er blitt meir og meir elitestyrt sidan førre folkerøysting. Unge er særleg opptekne av demokrati, og dei vil stemme nei når dei oppdagar kva EU er.
Men leiar Ingrid Langerud i Europeisk Ungdom meiner EU er framtidsretta.
- Ser eit nytt EU
- Vi ser no eit nytt EU, og det har folk oppdaga, seier Langerud.
- Vi ynskjer ikkje eit Europas forente statar der store maktblokker regjerer. Den vesle mann taper på EU, seier Vedum.
- EU er eit dynamisk samarbeid, og EU endrar seg heile tida. Dei unge ser at organisasjonen er annleis enn før, og difor ser vi no at synet deira har endra seg, seier Ingrid Langerud.
Vil ha folkerøysting
 |
Nei-stemninga frå 1994 kan vere i ferd med å snu. |
Inge Lønning (H) meiner det er viktig å få til ei rådgivande folkerøysting før ein ny EU-søknad blir send. Han meiner ei folkerøysting vil gjere at Noreg unngår å seie nei etter å ha gjennomført forhandlingar om medlemsskap. Dette skjedde både i 1972 og 1994.
Men både ja- og nei-sida i politikken meiner det er uklokt å ha ei folkerøysting om EU no.
- Eit underleg utspel
Regjeringa har sjølv sagt at ho vil gå av dersom EU-spørsmålet kjem på dagsorden.
- Difor er dette eit underleg utspel. Vil regjeringa ha ei folkerøysting, slik Lønning sitt utspel tyder på, så set dei jo EU på dagsorden, seier Torbjørn Jagland.
- Eg forstår at ein tidlegare leiar for ja-sida og Europabevegelsen ynskjer å kjempe for EU-saka, men dette er ikkje dagen, seier Carl I. Hagen (FrP).
- Dette verkar lite gjennomtenkt. Folk vil ha ein ny debatt om EU, og det er på tide å få argumenta på bordet. Men ei folkerøysting, det ligg langt framme i tid, seier Kristin Halvorsen (SV).
- Ingen rikmannsklubb lenger
Statsvitar Torild Aalberg ved NTNU i Trondheim trur dei unge ser til Aust-Europa når dei endrar syn.
- Før var EU ein klubb for dei rike. Når fleire østeuropeiske land no blir medlem, blir appellen større. Og Sverige har jo klart seg bra i EU, seier Aalberg.
Aalberg trur unge er negative til at mange bedrifter blir flagga ut av landet. Det medfører færre arbeidsplassar, spesielt for dei unge i distrikts-Norge.