skilleBanner kroningsjubileet skille_slutt
Toppbanner Her & Nå 3_1_gif
Her er du: NRK.no > Programmer > Radioarkiv > Her & Nå
Her & Nå
Tlf. 7388 1400

 
Kåseriet:

Er amerikanarane galne?

Den britiske forfattaren John le Carré svingar storslegga over dei amerikanske planane om invasjon av Irak. I eit lesarinnlegg i avisa The Times skriv han at amerikanarane er blitt galne.

Publisert 16.01.2003 14:40. Oppdatert 16.01.2003 15:52.
Av Egil Johan Ree

Dette er historisk galskap, det er det verste eg kan hugsa å ha opplevd, skriv John le Carré i det temperamentsfulle innlegget i The Times, eit innlegg som nok blir lese med interesse av mange, for le Carré er ein mann med mange lesarar.

"Le Carré meiner at terroråtaka mot USA 11. september bare vart brukte som eit påskot for å innleia ein krig som lenge hadde vore planlagd."
"Spionen som kom inn fra kulden" er kanskje den best kjende tittelen han har ansvaret for, men som bokelskarar over heile verda veit, har han gitt ut ei lang rekkje bestselgjande bøker, dei fleste med emne frå den kalde krigen. Han har sjølv ei fortid i britisk diplomati og etteretningsteneste.

Le Carré meiner at terroråtaka mot USA 11. september bare vart brukte som eit påskot for å innleia ein krig som lenge hadde vore planlagd. Han klagar president Bush for å føra det amerikanske folket bak lyset. Måten Bush og juntaen hans har gått fram på for å skifta amerikansk raseri frå å vera retta mot bin Laden til å bli retta mot Saddam Hussein, er eit av dei sørste PR-triksa i verda, skriv le Carré. Nå trur annankvar amerikanar at det var Saddam Hussein som stod bak åtaket mot World Trade Center.

Den britiske forfattaren trur at det er interessa for oljeressursane i Irak som ligg bak ønsket om å styrta Saddam Hussein. Dersom den irakiske leiaren ikkje hadde hatt olje, hadde han kunna torturera landsmennene sine så mykje han lysta. Andre leiarar gjer det kvar dag, skriv le Carré og viser til Saudi-Arabia, Pakistan, Tyrkia, Syria og Egypt.

John le Carré skuldar statsminister Tony Blair for å dra britane med i ein krig som kunne ha vore unngått, og som det i alle fall ikkje har vore nokon demokratisk debatt om i Storbritannia. Nå kjem Blair til å øydeleggja tilhøvet til Europa og Midtausten i fleire tiår framover. Dessutan kjem eit åtak til å framprovosera hemnaksjonar, opprør og regionalt kaos i Midtausten, skriv John le Carré.

Han er forresten ikkje åleine om å kritisera den britiske statsministeren. Mange i Tony Blairs eige parti er svært kritiske til krigsplanane, jamvel i regjeringa skal det vera skeptikarar. Dessutan viser meiningsmålingar at eit fleirtal av britane er imot ein krig som ikkje har mandat frå FN.

Men det skal nok meir til enn meiningsmålingar og ein sint forfattar for å få statsminister Blair til å skifta standpunkt.


 
Dagens kåseri
Her og Nå - hør siste sending
10 SISTE HER & NÅ
10 SISTE NYHETER
Copyright NRK © 2008  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no