Av :
- Eg trur me har brukt mindre straum fordi prisen var så høg at folk kjente det på lommeboka, seier Siv Anniken Røv.
Ho er informasjonsdirektør i det statlege selskapet Enova som skal få oss til å bruka mindre elektrisk kraft.
Mindre straumforbruk
No viser statistikken frå Statnett at me brukar mindre straum denne vinteren enn me gjorde sist vinter. Dei ferskaste tala er frå vekene 51 og 52 i gamleåret og første veka i dette året. Det var tre kalde veker over heile landet.
- Førebelse tal viser at forbruket desse tre vekene var ti prosent lågare enn for eit år sidan, seier informasjonssjef Tor Inge Akselsen i Statnett. Han reknar også med at det er alt snakket om høg pris som har gjort at me har spart både på lys og varme.
Krevande leigetakar
 |
Informasjonsdirektør Siv Anniken Røv i Enova. |
- I Enova veit me mykje om korleis nordmenn har spart på straumen, seier informasjonsdirektør Siv Anniken Røv.
Om lag 300 nordmenn har nemleg ringt den ferske energitelefonen deira kvar einaste dag. Folk har slått av lys og varme i rom dei ikkje brukar, dei har senka varmen om natta og dei fyrer med ved eller olje.
Sjølv var det ferske statlege selskapet Enova ein krevande leigetakar i nybygget Teknobyen innovasjonssenter i Trondheim. Dei krevde å bli knytta til fjernvarmeanlegget i byen, og har vassboren varme frå radioatorar på kontora, og når Siv Anniken Røv går ut av kontoret slår lyset seg av automatisk etter ein halvtime.
Politikarane må læra
- Det er flott at den høge prisen fekk nordmenn til å spara på den elektriske krafta, seier den private energirådgivaren Kjell Gurigard.
Han meiner straumprisen bør liggja på rundt 70 øre for kvar kilowatt-time. Berre slik blir det attraktivt for folk å leggja om til andre varmekjelder.
- Politikarane har forsømt seg, seier han.
Dei siste ti-femten åra har energiekspertar åtvara mot ein slik situasjon som me har hatt no.
- Først no når prisen vart så høg, ser det ut som om det er politisk vilje til å satsa på annan oppvarming enn elektrisk kraft, seier Gurigard.
Gurigard oppmodar no politikarane om å setta av to øre av el-avgifta til å hjelpa folk økonomisk med å investera i til dømes varmepumper eller pelletsovnar. Dessutan meiner han det er viktig at politikarane tenkjer alternativ til straum når plan- og bygningsloven om kort tid skal endrast.