skilleBanner kroningsjubileet skille_slutt
Toppbanner Her & Nå 3_1_gif
Her er du: NRK.no > Programmer > Radioarkiv > Her & Nå
Her & Nå
Tlf. 7388 1400

 
Kåseriet:

Sex og motar frå Milano

Avisene blir aldri leie av å gi oss historier med erotiske undertonar. I dag kan vi til dømes lesa om nye motar frå Milano der menn blir presenterte med kunstige puppar under genseren.

Publisert 14.01.2003 15:56.
Av Egil Johan Ree

Avisene må tru vi er umettelege når det gjeld stoff med meir eller mindre erotisk vri, og for alt vi veit, er vi kanskje det. Vi kan i alle fall ikkje unngå å sjå at dei dagleg presenterer oss for tekstar og bilete som skal dra tankane våre vekk frå dei meir traurige sider ved dagleglivet.

Spisse puppar er på moten, slik som artisten Madonna på dette biletet. I år er det derimot menn som skal kle seg slik.
På nettsidene til ei av dei store avisene har vi til dømes i fleire dagar sett overskrifta om den kvinnelege langtidsfangen som fortel at ho har sex i fenglset kvar sundag. I dag har kanskje ein og annan festa seg ved ein illustrert rapport frå den siste motepresentasjonen i Milano i Italia. Her får vi sjå korleis moteskaparane tenkjer seg at mannfolk bør sjå ut i neste sesong.

Eit av bileta viser ein ung mann med genser. Under genseren ser vi klare konturar av spisse puppar som sikkert ikkje kan vera hans eigne. Dei må altså vera kunstige, og moteskaparen må vel då tenkja seg at det er slik vi mannfolk bør sjå ut heretter.

Opp gjennom tidene har vi registrert at moten frå tid til anna framstiller damer med klede som tydeleg er inspirert av plagg som mannfolk til vanleg ber, og stundom har og moteskaparane prøvd å lokka mannfolk til å kle seg feminint, men vi kan ikkje hugsa å ha sett framlegg om at vi skal vera så feminine at vi må hekta på oss kunstige kvinnelege attributtar.

Nå er det slett ikkje sikkert at denne puppemoten slår an, faktisk har vi våre tvil om det, men ein kan aldri vita i desse tider. Det er for lengst blitt stovereint å snakka og skriva om avvik frå slikt som i gamle og meir pripne dagar vart rekna som normalt. Samtidig som media fortel om den feminine mannemoten frå Milano, kan vi til dømes lesa om svenske jenter som drøymer våte draumar om prinsesse Madeleine.

"Så mykje som ei av tre kvinner i Sverige kan visst tenkja seg å krypa under dyna med den pene prinsessa."
Så mykje som ei av tre kvinner i Sverige kan visst tenkja seg å krypa under dyna med den pene prinsessa. I same slengen får vi opplyst at mange svenske damer kan tenkja seg å ha sex med ein homofil mann. Fleirtalet av dei namngir den spesielle kjendisen dei helst kunne tenkja seg å dela seng med.

Alt dette og mykje meir i same stilen kan vi dagleg lesa om på skjermen og i papiravisene endå om vi aldri har bede om å få det. Men - kvar sin smak. For vår del har vi i alle fall ikkje tenkt å følgja den siste herremoten frå Milano.


 
Dagens kåseri
Her og Nå - hør siste sending
10 SISTE HER & NÅ
10 SISTE NYHETER
Copyright NRK © 2008  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no