skilleBanner kroningsjubileet skille_slutt
Toppbanner Her & Nå 3_1_gif
Her er du: NRK.no > Programmer > Radioarkiv > Her & Nå
Her & Nå
Tlf. 7388 1400

 

- Tilbake til puggeskulen

No kan alle få vite kva skular som har elevar med gode karakterar, og kva skular som kjem dårlegare ut. Men karakterar er ikkje noko godt mål på kor god ein skule er, meiner SV.

Publisert 08.01.2003 16:14. Oppdatert 08.01.2003 16:17.
SE OGSÅ:
LYD OG VIDEO  Lyd Video
Hjelp | Mer lyd og video
Læringssenteret offentleggjorde i dag fjorårets eksamensresultat og standpunktkarakterar i grunnskulen. For første gang vert også karakterane for kvart enkelt fag lagt ut på nettet.

- Dette er ei samling av data som allereie er offentleg. Og karakterar er det einaste måleinstrumentet ein har så langt, seier Ine Marie Eriksen (H).

Ungdomsskuleelevar kan no sjekke på Internett kor gode karakterar skulen deira gir.
Ho meiner at ein kjem til å få inn fleire kriterier i vurderinga av kvaliteten i skulen etter kvart.

Karakterar ikkje noko mål

- Dette er ikkje eit måleinstrument. Det viktigaste er ikkje kva karakterar elevane har, men at dei har ei positiv utvikling, seier Rolf Reikvam (SV).

Han meiner det er ei feilfokusering å leggje karakterane ut på Internett.

- Dette er stikk i strid med det som er målet med skulen, seier han.

Han meiner regjeringa legg opp til at skulane skal samanlikne seg på karakternivå, og at det ikkje er relevant for å finne ut kva skular som er best eller dårlegast.

Ine Marie Eriksen (H) meiner det bør vere offentleg kva karakterar som blir gitt på ulike skular.

- Karakterar er relevant

Men Ine Marie Eriksen frå Høgre meiner det ikkje er grunn til å halde karakterane hemmeleg.

- Men ein må jo ta stilling til det viss ein skule har dårleg læringsutbytte år etter år, seier Ine Marie Eriksen.

Fleire kommunar har allereie offentleggjort enkeltresultat, men det er første gang dette blir gjort for heile landet.


LENKER

 
Dagens kåseri
Her og Nå - hør siste sending
10 SISTE HER & NÅ
10 SISTE NYHETER
Copyright NRK © 2008  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no