skilleBanner kroningsjubileet skille_slutt
Toppbanner Her & Nå 3_1_gif
Her er du: NRK.no > Programmer > Radioarkiv > Her & Nå
Her & Nå
Tlf. 7388 1400

 
Kåseriet:

Hopptriumf og skøyteforvirring

Bjørn Einar Romøren er blitt ny nasjonalhelt etter sigeren i hopprennet i helga, men i skøytesporten er det berre krangel og bråk.
Av Egil Johan Ree

Publisert 08.01.2003 14:49. Oppdatert 08.01.2003 16:27.
Det går, som vi veit, opp og ned her i verda. I fleire år har vi ikkje orka å sjå på hopprenn i fjernsynet, for - sjåvinistiske og måteleg sportsinteresserte som vi er - har vi registret at nordmennene har langt nede på resultatlistene.

Å sjå på at finnar, japanarar, tyskarar og austerrikarar tevla om topplasseringane, var ikkje særleg spennande. Men så oppdagar vi i år at både den eine og andre av dei norske hopparane yppar seg mot dei beste utlendingane, og så dukkar det faktisk opp ein fyr som med god teknikk og høveleg flaks vinn eit renn i den tysk-austerrikske hoppveka.

Vips har vi ein ny komet, ein ny rikskjendis og nasjonalhelt, om vi skal tru sportsjournalistane. Dei skal vi som regel ta med ei klype salt, for det skal lite til før dei hentar fram dei svulstigaste språkklisjeane. Men brått er det igjen blitt interessant å sjå på hopprenn i fjernsynet - i alle fall neste renn slik at vi kan få kontrollert om Romørens siger berre var eit tilfeldig blaff.

"Vips har vi ein ny komet, ein ny rikskjendis og nasjonalhelt, om vi skal tru sportsjournalistane. Dei skal vi som regel ta med ei klype salt (...)"
Men skeiserenn er ikkje mykje å sjå på for tida. Ein gong for lenge sidan sat vi med papir og blyant og noterte rundetider då Hjallis og Kuppern og dei andre heltane sklei over isen på Bislett, Nya Ullevi eller kvar det var. Men skeiserenn er ikkje det det ein gong var, kva det nå kan koma av. Dei som snakkar og skriv om sporten finn meir stoff utanfor banen enn på isen.

Per i dag er situasjonen den, om vi har forstått det rett, at ingen veit sikkert kven som er sjef med ansvar. Toppidrettsansvarleg Hansen hevdar at han har ansvaret for landslaget, skøytepresident Rune Gerhardsen hevdar at den jobben nå er overtatt av Stein Andersen.

Trenaren Jan de Kok truga med å seia opp, så vart han overtala til å halda fram, men han er ikkje på talefot med Gerhardsen, for leiinga gjer ikkje jobben sin, seier de Kok. Slikt blir det feite overskrifter av, men gode rundetider blir det ikkje. Heller ikkje blir det sponsorar, og trikoten som løparane skal ha på seg på isen er visst heller ikkje god nok.

Det er med andre ord forvirrande tider i skøytesporten. Snillismens opphavsmann Rune Gerhardsen, som tar mål av seg til å bli bryådsleiar og sjef over heile hovudstaden, har visst ikkje heilt styring på sakene. Det er kanskje på tide at han blir slemmare og ser til at det blir orden i rekkjene.

Så kan det kanskje ein dag bli like morosamt å sjå på skeiserenn som på hopp.


 
Dagens kåseri
Her og Nå - hør siste sending
10 SISTE HER & NÅ
10 SISTE NYHETER
Copyright NRK © 2008  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no