skilleBanner kroningsjubileet skille_slutt
Toppbanner Her & Nå 3_1_gif
Her er du: NRK.no > Programmer > Radioarkiv > Her & Nå
Her & Nå
Tlf. 7388 1400

 

SV krev gratis straumråd

Frå nyttår av kostar det 600 kroner timen å få ein Enøk-ekspert heim i stova og gi sparetips. Med dagens prisar burde det framleis vere gratis å få råd om korleis ein kan spare straum, meiner SV. Men regjeringspartiet KrF forsvarar at statstøtta til Enøk-sentra blir fjerna.

Av Kjetil Malkenes Hovland. Publisert 07.01.2003 16:25.
LYD OG VIDEO  Lyd Video
Hjelp | Mer lyd og video
- Det er alltid fleire som vender seg til oss når prisane går opp, seier informasjonsleiar Ingunn Grøtte ved Enøk-senteret i Sør-Trøndelag.

Ho fortel at dei fleste som vender seg til henne, spør om varmepumper og vedprisar. Men no kan ho ikkje lenger svare.

- Nei, no kan eg ikkje svare på slike spørsmål lenger utan å ta betalt for det, seier ho.

Heidi Sørensen (SV)

- Dette burde vere gratis

- Dette burde absolutt vere gratis. Nabolanda våre er mykje flinkare enn oss til å gi folk råd om straumsparing, og dei unngår også lettare kriser i straumleveransane enn vi, seier Heidi Sørensen (SV).

Dersom du er ein av dei som har lyst til å lære å spare straum, er du seint ute. Etter nyttår kostar det deg seks hundre kroner timen å få besøk av ein enøk-ekspert.

No kostar det 600 kroner timen å få råd hos Enøk-sentra.

Ikkje lenger gratis

- Før kunne du få gratis hjelp til å få vite meir om din eigen bustad. Du kunne til dømes komme hit med teikningar over huset ditt og finne ut om det var eigna for å installere varmepumpe. Men slike gratistilbod har vi ikkje lenger, seier teknisk sjef Jan Peter Amundal ved Enøk-senteret.

For kvar kilowattime straum du kjøper, blir det sett av 0,3 øre som skal brukast på å lære folk straumsparing. Før gjekk desse pengane til lokale Enøk-senter landet over. No går dei til statsforetaket Enova, som berre driv ein Enøk-telefon i Narvik.

Viss du ikkje får vite nok der, må du betale dyrt for å få ein konsulent på plass.

Vil satse alternativt

- Enøk-telefonen er eit godt nok tilbod. Folk må ta initiativ sjølv for å finne ut korleis dei skal spare straum, seier Bror Yngve Rahm (KrF) i Energi- og Miljøkomiteen.

- Folk må ta initiativ sjølv, seier Bror Yngve Rahm (KrF) i Energi- og Miljøkomiteen.
Han meiner det er viktigare å satse på alternative energikjelder enn straumsparing.

Enøk-senteret i Sør-Trøndelag ser seg no om etter nye kundar. Dei kan ikkje gi råd til vanlege folk lenger, sjølv om Enøk-sentera er bygd opp på straumkundane sine pengar.

Satsar på bedrifter

- Vi trur ikkje privatkundar vil betale seks hundre kroner timen for råd. Difor kjem vi til å satse meir på bedrifter framover, for å overleve som selskap, seier Ingunn Grøtte.

Ho fortel at etter kvart som straumprisane har auka, er folk også blitt meir ivrig etter å spare. Då er det trist å ikkje lenger kunne gi kunnskapen sin gratis vidare til folk flest.

- Vi føler jo at vi har mykje kompetanse, og det er synd vi ikkje kan bruke den på alle kundar som ynskjer hjelp, seier Grøtte.


 
Dagens kåseri
Her og Nå - hør siste sending
10 SISTE HER & NÅ
10 SISTE NYHETER
Copyright NRK © 2008  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no