Kulda held fram i heile landet og straumprisen aukar. Samtidig vil regjeringa ha folk til å slutta å røykja.
Av Egil Johan Ree
Vi hutrar og frys og klagar på kuldegradene. Jamvel her på Sør-vestlandet har temperaturen halde seg lovleg langt nede ei god stund. Kanskje det er difor det har kome ulv til Rogaland. Det er sett spor etter han sør i fylket, og slike spor har visst ingen sett her sidan 1800-talet.

Sauebøndene har alt tatt børsa ned av veggen, for ulven har ingenting her i å gjera. Regjeringa har bestemt at han skal halda seg borte frå både Rogaland og Vest-Agder, så om han vil berga livet, får han sjå å retta seg etter styresmaktene sine vedtak og skunda seg tilbake til Aust-Agder eller der omkring.
Men ulven bryr seg vel like lite om fylkesgrenser som om straumprisar, så det kan godt henda vi må slita med han, nett som vi slit med kraftleverandørane og prisane deira. Når vi les avisene i desse dagar, høyrer på radio og ser på fjernsyn, skulle vi tru at det ikkje har vore verre tider her i landet sidan krigen og okkupasjonen.

Vatnet i magasina minkar, kraftleverandørane og staten hovar inn milliardar og vi som må halda husa våre varme må betala høgare straumpris enn vi nokon gong har gjort. I alle fall eit par-tre vintermånader før regnet og våren kjem.
Sjølvsagt er det ille for folk med strame hushaldningsbudsjett og for dei eldre som i redsle for neste straumrekning slår av omnane sine og sit heime og frys, men for dei fleste av oss er det ikkje økonomisk undergang. Vi registrerer at den frimodige organisasjonen Natur og ungdom jublar over straumprisen, for nå kan nordmennene oppdaga kva slags straumsløsarar dei er og kanskje omsider få seg til å læra energiøkonomisering.

Det er ikkje sikert Natur og ungdom skaffar seg så mange sympatisørar med denne applausen akkurat i desse dagar, men dei er jo inne på noko. For er det noko vi kan her i landet, er det å sløsa med straum. Det veit alle som har vore heime hos folk lenger nede i Europa der straumprisen etter vår normale målestokk er skyhøg heile året.
Medan vi då ventar på den neste utrivelege straumrekninga, kan vi herda oss ved å studera bileta som regjeringa har sendt ut for å få oss til å slutta å røykja. Her er tjøre og blod og gult feitt nok til å skræma den mest forherda røykjar - langt meir skræmande enn sluttsummen på straumfakturaen.
Og så blir vi presenterte for reknestykke som viser at dersom vi legg bort røyken, får vi meir pengar att enn det vi treng for å betala for dyr straum. Kanskje det er lurare å slutta å røykja enn å skru ned termostaten?