skilleBanner kroningsjubileet skille_slutt
Toppbanner Her & Nå 3_1_gif
Her er du: NRK.no > Programmer > Radioarkiv > Her & Nå
Her & Nå
Tlf. 7388 1400

 

Eldre fraus i hel

- Statsråden har råda folk til å spare straum, men vi håper dette ikkje er årsaka til dødsfalla i hovudstaden, seier statssekretær Brit Skjelbred i Olje- og Energidepartementet.

Publisert 06.01.2003 16:15. Oppdatert 06.01.2003 16:18.
LYD OG VIDEO  Lyd Video
Hjelp | Mer lyd og video
To eldre frå Oslo døydde av sterk nedkjøling i løpet av jula, etter at dei hadde hatt det for kaldt heime. Til saman fem personar vart lagt inn på sjukehus i jula, fleire med kroppstemperaturar på under 30 grader, skriv Aftenposten Aften.

Dette vekker oppsikt. Fleire stiller no spørsmål ved om energipolitikken har skulda for at liv går tapt.

Sprengkulda har krevd sine første offer. To eldre i Oslo fraus i hel etter at dei hadde det for kaldt heime.

- Oppfordra til straumsparing

- Det håper eg inderlig ikkje det er, seier statssekretær Brit Skjelbred i Olje- og Energidepartementet.
- Statsråden har gått ut og sagt at folk må delta i ein dugnad og prøve å spare straum, og dei eldre verkar å vere dei som tek dette mest alvorleg. Men vi håper desse oppfordringane ikkje er årsaka til det vi no ser.

Ho fortel at mange eldre vender seg til departementet og ber om råd.

- Det er ein alvorleg situasjon, men folk skal i alle fall ikkje fryse. Regjeringspartia samtalar no og prøver å finne løysingar, seier Skjelbred.

SV krev strakstiltak etter at to eldre fraus i hel i julehelga.

- Ikkje billegare straum

- At energipolitikken tek liv er å setje saka på spissen. Men ein kan i alle fall seie at energiloven ikkje har klart å gjere straumen billegare for folk flest, slik som målet var, seier Hallgeir Langeland (SV), nestleiar i Energi- og miljøkomiteen på Stortinget.

Energiloven er no under revurdering av Olje- og Energidepartementet. Men strakstiltak etter dødsfalla i hovudstaden har departementet ikkje gjort så langt.

Har ikkje konkrete tiltak

- Tiltaka kan eg ikkje konkretisere. Vi håper å bli meir rusta på slike situasjonar i framtida. Vi må mellom anna gjere oss mindre sårbare for svingningar i kraftmarknaden og få ei tryggare energiforsyning, seier Skjelbred.

Ho meiner at alternative energikjelder (som gasskraftverk eller vindkraft) vil gi framtidas kraftbransje fleire bein å stå på, og dermed meir stabile prisar til forbrukarane.

- Då kan vi unngå liknande situasjonar.


 
Dagens kåseri
Her og Nå - hør siste sending
10 SISTE HER & NÅ
10 SISTE NYHETER
Copyright NRK © 2008  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no