Kåseriet: Liv og lære i KinaKinesiske kommunistar bør vera smålåtne, arbeida hardt og stå imot farlege freistingar. Denne formaninga kjem frå den nye formannen i det kinesiske kommunistpartiet.
Av Egil Johan Ree Publisert 06.01.2003 10:10. Liv og lære er nok ikkje alltid det same i det nye Kina der kommunistpartiet framleis har all makt samtidig som kapitalistisk tankegang skal styra den økonomiske utviklinga. Mange tener gode pengar i den nye økonomien, og mange lar seg sikkert freista av det søte liv. I så måte er nok ikkje kinesarane betre enn andre folk, jamvel om dei er medlemer av det moralistiske kommunistpartiet.
Det er dette som må vera bakgrunnen for at den nye partisjefen Hu Jintao finn det naudsynt å formana partimedlemene og be dei om å halda seg til den smale stien. I dag offentleggjer dei store kinesiske avisene ein tale som partiformannen nyleg har halde, ein tale der han i beste pietistiske ånd oppmodar kommunistane til å arbeida hardt og leva eit enkelt liv. Ein god kommunist må etter formannens meining stå imot farlege freistingar som pengar, makt og skjønnheit. Kva det siste - skjønnheit - tyder, er noko uklart, men det er vel ikkje heilt urimeleg å tru at det har noko med sex og lauslivnad å gjera.
Partiformann Hu finn det også på sin plass å referera til gamle partiformann Mao Zedong som oppmoda partimedlemene til å vera smålåtne, forsiktige og sjølvdisiplinerte. Som vi nå i ettertid veit, var ikkje formann Mao sjølv så nøye med å etterleva dei reglane han gjerne ville andre skulle retta seg etter, men det høyrer ennå ikkje til den offisielle historieskrivinga i Kina.
Det har vore enorm økonomisk framgang i Kina etter at landet opna for privat initiativ i det dei kallar sosialistisk marknadsøkonomi. Men samtidig har korrupsjon blitt eit stadig aukande problem. Vanlege folk klagar over korrupte partipampar, styresmaktene slår stadig ned på folk som brukar den nye økonomien til å gjera seg sjølv rike. Det er såleis ikkje så rart at den nye partiformannen finn det naudsynt å snakka om moral og hardt arbeid. Med talen han nå har halde, sender han eit klart signal til folk som ikkje kan halda seg i skinnet. Styresmaktene kjem til å slå hardt ned på dei som utnyttar systemet til eigen fordel. Men pengar, makt og sex er farlege saker - i Kina som elles i verda.
|