skilleBanner kroningsjubileet skille_slutt
Toppbanner Her & Nå 3_1_gif
Her er du: NRK.no > Programmer > Radioarkiv > Her & Nå
Her & Nå
Tlf. 7388 1400

 
Kåseriet:

Den store medieskandalen?

Radiokanalen P4 brukar sterke ord og uttrykk for å protestera mot at dei nyleg mista konsesjonen. Somme synest kanalen ville ha tent på å dempa ordbruken litt.
Av Egil Johan Ree

Publisert 06.01.2003 10:10.
Sjølvsagt er det synd på dei som mistar jobben når P4 må skru av mikrofonane ved neste årsskifte, men det er ikkje sikkert at verda kjem til å gå av hengslene. Radiolyttarar kan vera ganske fleksible, så for alt vi veit kjem dei til å lytta like ivrig på den nye Kanal 4 som dei gjorde på den som kallar seg P4. Som kommunikasjonsrådgivar Hans Geelmuyden seier til Dagens Næringsliv i dag: eg trur ganske sikkert at det norske samfunnet kjem til å greia seg utan P4.

I mellomtida står P4 på for fullt i von om å få endra vedtaket som kulturminister Valgerd Svarstad Haugland gjorde før jul. Radiokanalen vender seg til publikum med heilsides annonser i store aviser og markerte utsegner frå leiinga i ymse intervju. Også lyttarar har meldt seg på i debatten.

Eit engasjert menneske skriv såleis i Dagbladet at ho nå melder seg ut av statskyrkja. Ho kan ikkje vera medlem av same kyrkja som Valgerd Svarstad Haugland. Den guden kulturministeren held seg til, vil ho ikkje ha noko med å gjera. Stalin ville ha vore stolt av Valgerd, skriv innsendaren som openbart meiner at kulturministerens avgjerd er ei skam for demokratiet.

Liknande tankar gjer dei seg visst i kanalleiinga også, for i annonsen heiter det at for første gong i eit moderne demokrati tar ein politikar livet av ei populær og folkekjær mediebedrift. Frå P4-leiinga er det og sagt at dette er den største medieskandalen i europeisk historie.

Det er som vi skjønar ikkje måte på kva slag ulykker kulturministeren har ført over folket med avgjerda om ikkje å fornya konsesjonen for P4, men nå reagerer norske PR- og kommunikasjonsekspertar på temperaturen i utspela frå P4. Dagens Næringsliv har henta inn kommentarar frå ulike aktørar i den bransjen som P4-sjef Rune Brynhildsen tidlegare tilhøyrde. "Harry", "sytete" og "umogen" er ord Brynhildsens tidlegare kollegaer nyttar for å karakterisera strategien P4 har valt etter at kanalen mista konsesjonen. P4 framstår som dårlege taparar, hevdar ein av PR-folka. Det har vore mykje hyl og lite innhald, seier han.

Ein gong i løpet av året må kulturministeren ta stilling til protesthyla frå P4 og vurdera om ho skal omgjera vedtaket om ta frå kanalen konsesjonen. Vi tippar at ho ikkje kjem til å skifta meining, og ser ikkje bort frå at både demokratiet og lyttarane kjem til å overleva.





 
Dagens kåseri
Her og Nå - hør siste sending
10 SISTE HER & NÅ
10 SISTE NYHETER
Copyright NRK © 2008  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no