skilleBanner kroningsjubileet skille_slutt
Toppbanner Her & Nå 3_1_gif
Her er du: NRK.no > Programmer > Radioarkiv > Her & Nå
Her & Nå
Tlf. 7388 1400

 

Lærarar taper på vikarbyrå

Norske skular er i ferd med å seie frå seg ansvaret for å skaffe lærervikarar. Mange skular føretrekk å bruke vikarbyrå i staden. Det er enklare for skulen, men dårleg butikk for vikarane. Lærervikarar får tilbod om løn langt under vanlig tariff.

Publisert 18.12.2002 13:15. Oppdatert 18.12.2002 13:26.
LYD OG VIDEO  Lyd Video
Hjelp | Mer lyd og video
- Først ville dei gi meg 114 kroner i timen. Då eg protesterte, gjekk dei opp til 127 kroner timen, som framleis er veldig lågt, seier Tormod Aagaard.

Han er nyutdanna lektor og arbeidslaus, men godtek ikkje å bli løna som ufaglært etter sju års universitetsutdanning. No tek han diverse småjobbar for å overleve. Det er slutt på å ta lærarjobbar for vikarbyrå.

Får for lite løn

- Denne løna ligg under tariffen sjølv for timesarbeid i skulen. Då eg jobba i skulen for to år sidan fekk eg ein ekstra bunke stilar som eg skulle rette. Det vart løna med timesløn, og eg hadde den gang over 130 kroner i timen. Å gå ned til 127 kroner timen to år etter er uakseptabelt, seier Aagaard.

Det er ikkje lønsamt å vere lærarvikar viss du jobbar via vikarbyrå. Løna er langt dårlegare enn elles.
- Han skulle eigentleg hatt lønstrinn 39, ikkje trinn 14 eller 16 som vikarbyrået gir han, seier Berit Midttun, nestleiar i Utdanningsforbundet i Sør-Trøndelag.

Ho sit med lønstabellane i fanget, og er opprørt over skilnaden i lønsnivå.

- Det er heilt uakseptabelt, for han blir løna som ein ufaglært, og vi snakkar om ein meget godt kvalifisert lærar som absolutt burde fått betalt etter kvalifikasjon, seier ho.

Ynskjer berre gode lærarar

- Det vi er opptekne av er å få kvalifisert personell. Det ansvaret ligg på vikarbyrået som arbeidsgivar. Det er dei som køyrer intervju og referansesjekkar og slike ting, seier Roger Fredheim, undervisningsinspektør på Dalgård skole, ein stor barneskule i Trondheim.

Han har ansvaret for å finne vikarar viss nokon av dei 90 tilsette på skulen er sjuke eller borte av andre grunnar. Før brukte han heile dagen på å finne vikarar. No greier det seg med ein telefon til det faste vikarbyrået.

Burde fått betre betalt

- Ja, det er klart ein kunne ønskt at dei fekk betre betalt. Det har eg ikkje nokon problem med å synest er leit. Men saken er den at det er ein stram arbeidsmarknad i dag, også for lærarar. Alternativet til å gjere noko heilt anna enn det du er utdanna til, ligg der ved å melde seg til vikarbyrået for ein periode. Så får ein brukt kompetansen sin på andre område, med litt mindre i løn, seier Fredheim.

Han er klar over at vikarane ikkje er overbetalt, men held fram at ingen er tvungen til å melde seg for eit vikarbyrå og yte sine tenester.

Vikaren er den store taparen

For Dalgård skole er det enkelt og greitt å ta ein telefon til vikarbyrået i staden for at undervisningsinspektøren skal sitje og ringje heile formiddagen. Og for vikarbyråa er dette eit høve til å tene meir pengar. Den einaste taparen er den unge, nyutdanna læraren som ikkje har fått seg fast jobb enno.

Dersom vikarbyråa skal formidle vikarar, må dei ha ein tariffavtale, meiner Utdanningsforbundet.

- Vi må undersøke omfanget av dette, og mellom anna finne ut korleis det er i andre delar av landet. Dette gjeld ein del av våre medlemmane og blivande medlemmar, og det er eit viktig poeng for fagforeninga at folk ikkje skal gå rundt utan tariffavtale, seier Berit Midttun.

Men kvifor tek eigentleg unge vikarar så dårleg betalte jobbar?

Trudde på anstendig løn

- Eg begynte i vikarbyrå fordi eg hadde problem med å få vikartimar rundt omkring på skulane. Så såg eg at vikarbyråa lyste ut at dei trengde lærarar. Så gjekk eg og snakka med dei, og rekna med at eg ville få ei anstendig løn, då, seier Tormod Aagaard.

Nå vil han heller gå utan jobb enn å vende tilbake til vikarbyråa.

- Eg har jobba nokre dagar i reinhaldsverket, og skal jobbe der resten av veka. Så veit eg ikkje, seier han.


 
Dagens kåseri
Her og Nå - hør siste sending
10 SISTE HER & NÅ
10 SISTE NYHETER
Copyright NRK © 2008  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no