skilleBanner kroningsjubileet skille_slutt
Toppbanner Her & Nå 3_1_gif
Her er du: NRK.no > Programmer > Radioarkiv > Her & Nå
Her & Nå
Tlf. 7388 1400

 

- Heller Pelle enn Frodo

Onsdag ettermiddag sit Filmklagenemda og vurderer om "Ringenes Herre - To Tårn" skal få heva aldersgrensa frå 11 til 15 år. NRK sin filmanmeldar Einar Guldvog-Staalesen meiner Pelle Politibil er betre for 11-åringane.

Publisert 18.12.2002 12:02. Oppdatert 18.12.2002 15:57.
LYD OG VIDEO  Lyd Video
Hjelp | Mer lyd og video
Er det slik at dei under fjorten og et halvt, ikkje skal få sjå korleis det går med Frodo og Sam på veg til Mordor, men heller må benke seg framfor "Pelle Politibil"?

NRK sin filmanmeldar Einar Guldvog-Staalesen trur ikkje det.

- Eg tvilar på at Filmklagenemnda vil gjere noko med aldersgrensa. Denne filmen inneheld mindre sterke scener enn den førre. Men det er ikkje riktig at 11-åringar får sjå slike filmar. Eg syns ikkje vi skal venne ungdom til at vold er det mest fantastiske i verda, seier Einar Guldvog-Staalesen.

Er "Ringenes Herre - To tårn" for skummel for 11-åringer, spør Her & Nå.
- Vi har åtvara klart mot at barn under 11 år skal få sjå denne filmen. Men det bør vere opp til foreldra kva borna deira skal få lov til å sjå, seier direktør Tom Løland i Filmtilsynet.

Han meiner ungdom er meir medietrent enn før, og toler å sjå sterke scener.

- Det kan vere. Men har du tenkt på at vi kanskje trener ungdommen feil? spør Einar Guldvog-Staalesen.

Han stiller også spørsmål ved at vald er meir akseptert enn til dømes sex.

Ville forbudt kåt Frodo

- Viss ei av dei vakre jentene i filmen hadde bada naken, ville den fått 15 års aldersgrense. Hadde Frodo hoppet uti sammen med dem, hadde den fått 18-årsgrense. Hadde man sett at Frodo hadde blitt kåt av henne, hadde den vært forbudt i Norge, seier Einar Guldvog-Staalesen, som vurderer filmar for NRK.

- No trur eg han held seg til gammal lovgiving her, seier Tom Løland.

Filmtilsynet har bestemt at filmen skal ha 11 års aldersgrense, akkurat som Ringens Brorskap, den første filmen i serien. Det betyr at åtteåringar kan sjå filmen i følgje med vaksne.

Barneombodet anka aldersgrense

Barneombodet reagerte på filmen med å anke aldersgrensa inn for Filmklagenemnda. Ombodet meiner valdsscenene i filmen kan vere skadelege for 11-12-åringar. Flere av filmkritikarane har også reagert på 11-årsgrensa.

Det bør vere opp til foreldra om borna deira skal få lov til å sjå "To tårn", seier direktør Tom Løland i Filmtilsynet.
Filmen handlar om Frodo, Sam, Aragon, Munti og Pippin som kvar på sin kant sloss mot trollmannen Saruman og ein hær av vesen, orkane. I filmen blir det vist slag på slag, kamp på kamp, der alle er involvert, menneske, dvergfolk, alvar, varg og trollmenn.

Umotivert vald i oppfølgaren

Barneombudet meiner valden i filmen vert hengande i lause lufta, fordi "To tårn" må sjåast som ein film uavhengig av den første filmen i trilogien, og då vert logikken borte.

I ettermiddag skal Filmklagenemda avgjere om aldersgrensa blir sett opp. Her & Nå vitja nemnda like før rulleteksten fór over lerretet i den vesle salen deira. Nemnda har brukt dei siste timane på å sjå To tårn, Ringenes Herre-filmen som hadde premiere to minutt over midnatt.

Leiar i Filmklagenemnda, Geir Woxholth, sa før han gikk inn i kinosalen at tilhøvet til den førre Ringenes Herre-filmen vert avgjerende.

Viss barneombodet får medhald av filmklagenemda, blir aldersgrensa umiddelbart endra oppover til 15 år. Kva som skjer med dei mellom 11 og 15 som allereie har kjøpt billett til forestillingar i kveld og dei neste dagane og vekenes, er førebels uvisst.

Hva mener du? Avgi din stemme i høyremargen på Her & Nås hovedside:

Her & Nås hovedside

LENKER

 
Dagens kåseri
Her og Nå - hør siste sending
10 SISTE HER & NÅ
10 SISTE NYHETER
Copyright NRK © 2008  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no