skilleBanner kroningsjubileet skille_slutt
Toppbanner Her & Nå 3_1_gif
Her er du: NRK.no > Programmer > Radioarkiv > Her & Nå
Her & Nå
Tlf. 7388 1400

 

- Skyv pasientane føre seg

I dag kan du handle medisinar på blåresept heilt gratis. Men no har apoteka bestemt seg for å bryte med trygdeverket. Apotekarane rasar nemleg mot ei ny ordning som gjer at dei må selje medisinar med tap.

Av Kjetil Malkenes Hovland. Publisert 12.12.2002 15:22. Oppdatert 12.12.2002 15:38.
LYD OG VIDEO  Lyd Video
Hjelp | Mer lyd og video
Kvar dag handlar 60.000 av oss medisinar på blåresept, utan å måtte betale i kassa på apoteket. Desse pengane får apoteka tilbakeført frå trygdekontoret.

Når apoteka no bryt samarbeidet med staten, må du og eg betale sjølv for medisinar på blåresept. For å få pengar tilbake må vi ta med oss kvitteringa til trygdekontoret.

- Må selje med tap

Apotekarbransjen er usamde med staten. No vil dei bryte den avtalen som gjer at folk får gratis medisinar på blåresept.
- Staten vil at vi skal selje medisinar med tap. Det taper vi så mykje på at vi ikkje har råd til å halde fram med denne ordninga, seier Oddbjørn Tysnes i Norges Apotekerforening.

Men dei første som blir råka viss apotekarane bryt blåreseptavtalen, er pasientane.

- Ikkje alle pasientar har råd til å betale for seg. Mange eldre og uføre har store medisinutgifter og for dårleg økonomi til å punge ut. Dette vil rett og slett ut over helsa, seier Jarl Ovesen.

Leiaren i Funksjonshemmedes Fellesorganisasjon (FFO) understrekar at ansvaret for å ordne opp ikkje berre ligg på apotekarane.

- Ansvaret ligg på regjeringa

- Det er SV og regjeringspartia som har stemt for den ordninga apotekarane protesterer mot. Dette er ei ordning som er lite gjennomtenkt, og eg forstår at dei reagerer på forslaget, sjølv om det først og fremst er sjuke og svake som blir ramma dersom dei bryt blåreseptavtalen, seier Ovesen.

Det apoteka klagar på, er ei ny ordning for betaling av medisinar. Staten ynskjer at du og eg skal kjøpe billege kopiar i staden for dyre originalmedisinar. Viss du vil ha originalmedisinar, må du betale prisforskjellen sjølv.

Men dersom legen skriv ut dyre medisinar, så må apoteket betale. Dette er hovudgrunnen til at apoteka er så rasande.

Burde brukt andre verkemiddel

Apoteket Bien i Bergen.
- Dette er eit altfor alvorleg verkemiddel frå apotekarane. Det går berre ut over pasientane. Dei burde klare å finne andre måtar å påverke på, seier Bent Høie (H).

Men både pasientorganisasjonar, legeforeininga, Konkurransetilsynet og ei rekkje andre høyringsinstansar meiner regjeringa tek feil.

- Det systemet regjeringa foreslår, er vi sterkt imot. Det har store likskapar med det såkalla "referansesystemet" som staten avskaffa for ei tid sidan fordi det ikkje var godt nok. Vi meiner staten berre er oppteken av å spare pengar, ikkje at systemet skal vere til beste for pasientane, seier Jarl Ovesen i FFO.

Slik verkar det nye systemet:

Ein originalmedisin kostar 1200 kroner, mens kopien kostar 800 kroner. Du får tilbake gjennomsnittsprisen av dei to medisinane, 1000 kroner, same kva av medisinane du velger.

Dersom legen ikkje skriv i resepten at du skal ha den dyre originalmedisinen, men du likevel ynskjer denne medisinen, må du betale mellomlegget sjølv. Viss legen skriv at du skal ha den dyre medisinen, så må apoteket betale mellomlegget.

Allereie i dag blir legar og apotek oppfordra til å skrive ut og selje den billegaste utgåva av medisin.


 
Dagens kåseri
Her og Nå - hør siste sending
10 SISTE HER & NÅ
10 SISTE NYHETER
Copyright NRK © 2008  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no