skilleBanner kroningsjubileet skille_slutt
Toppbanner Her & Nå 3_1_gif
Her er du: NRK.no > Programmer > Radioarkiv > Her & Nå
Her & Nå
Tlf. 7388 1400

 

Fryktar kraft-konkursar

Høge straumprisar gjer at me kan venta oss eit konkurs-ras i kraftbransjen. I dag legg Kraftkompaniet Vest ned drifta, og bransjen ventar at fleire selskap kjem etter. Det er reine kraftleverandørar som har satsa på billig-straum som står i størst fare for å ryka overende.

Publisert 10.12.2002 14:23. Oppdatert 11.12.2002 11:43.
LYD OG VIDEO  Lyd Video
Hjelp | Mer lyd og video
Av : aagot.opheim@nrk.no

Kraftkompaniet Vest er eit av straumleverandør-selskapa som vaks fram etter at kraftmarknaden slapp laus tidleg på 90-talet. Sjølv marknadsfører selskapet seg som billigaste i landet, og viser til tal frå konkurransetilsynet.

Eigenkapitalen brukt opp

Dagleg leiar Jo Børre Eikås i Kraftkompaniet Vest
Tysdag legg selskapet ned verksemda. Eigenkapitalen er brukt opp. Selskapet satsar på å styra nedlegginga og unngå konkurs. 12000 kundar over store delar av landet blir overført til Sogn og Fjordane Energi, og desse kundane kjem truleg ikkje til å merka stort til nedlegginga. Det kan derimot kundane til andre kraftleverandørar koma til å gjera, dersom fleire går over ende.

- Konkurransetilsynet er medskuldig i det konkursraset me no kan venta oss i kraftbransjen, seier Endre Fjellestad. Han er marknadssjef i Sogn og Fjordane Energi.

For opptekne av pris

- Konkurransetilsynet og forbrukarorganisasjonar har vore for opptekne med kva selskap som kan levera straumen billigast, seier Fjellestad. - Slik har dei skapt marknad for nye kraftselskap som berre er opptekne av låg pris, seier han.

- Det er desse selskapa som slit no når straumprisen er høg. Bransjen har altfor lenge vore opptekne med å levera straum til låg pris, sjølv om prisen dei må betala for krafta har auka voldsomt, seier han.

Rammar dei som har betalt på forskot

- Slik brukar kraftleverandørane opp eigenkapitalen, og det endar til slutt med at heile selskapet ryk og eventuelt går konkurs. Og det rammar forbrukaren særleg hardt dersom forbrukaren har betalt straumen på forskot, seier Fjellestad.

- Norske straumkundar risikerer for første gong å stå utan lys når dei slår på brytaren sjølv om dei har betalt for straumen på forskot. Slik kan dette ramma forbrukarane likevel, seier Fjellestad.

LENKER

 
Dagens kåseri
Her og Nå - hør siste sending
10 SISTE HER & NÅ
10 SISTE NYHETER
Copyright NRK © 2008  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no