Kåseriet: Vin til matenNår regjeringsmedlemene går til lunsj etter statsråd fredag, blir det servert vin til maten. Ingen skeiar ut, forsikrar ein av statsrådane.
Av Egil Johan Ree Publisert 09.12.2002 14:28. Drikking i arbeidstida er ikkje akseptert på våre kantar. I Frankrike og sørover der er dei visst ikkje så nøye på det har vi høyrt og stundom også sett, men i vårt puritanske land er det god tradisjon for å halda seg til kaffi og andre alkoholfrie drikkevarer medan ein framleis er på jobb. Og så ser vi i dag at regjeringa Bondevik serverer vin til maten midt på formiddagen fredag etter at dei har hatt statsråd på slottet.
Det er Dagsavisen som avslører sanninga om regjeringslunsjane. Olje og energiminster Einar Steensnes stadfestar vindrikkinga, men understrekar at lunsjane går for seg i skikkelege former og at ingen skeiar ut. Det var då endå godt å høyra! Den alkoholpolitiske talsmannen i Kristeleg Folkeparti Magne Aarøen er overraska og vil ikkje kommentera saka, men som prinsipp meiner han at alkohol og arbeid ikkje høyrer saman. Det same meiner generalsekretæren i AKAN, Arbeidslivets komite mot alkoholisme og narkomani. Det minner om den gamle, velkjende kommentaren til vin-underet i den bibelske byen Kana: vi veit det, men vi likar det ikkje.
Nå vil somme kanskje seia at så dårleg som det går med Kristeleg Folkeparti på meiningsmålingane, kan ein forstå at regjeringsmedlemene treng litt å styrkja seg på før dei tar helg. På den andre sida kan det tenkjast at det kan koma til å gå endå dårlegare når folk nå får greie på kva dei driv med der inne i hovudstaden kvar fredag formiddag. Vi skulle tru at det stort sett er låg toleranse for vindrikking i arbeidstida blant Kristeleg Folkeparti-velgjarar rundt om i landet.
Men vi skal vera forsiktige med å døma. Vi veit ikkje kven det er av statsrådane som unner seg vin til lunsjen. Det er ikkje sikkert at det er KrF- medlemene i regjeringa. Like gjerne kan det vera høgre- eller venstrefolk. Denne finansminister Foss, til dømes, er ikkje han blant desse som har greie på vin?
Kor som er bør vi kanskje vera varsame med å førestella oss at det er fuktige vorspiel dei arrangerer kvar fredag. Oljeminister Steensnes har sikkert rett i at alt går for seg i skikkelege former. Så heile saka er når alt kjem til alt truleg berre ein liten storm i eit vinglas.
|