Interesserte kan nå få ein smakebit av korleis det var å vera konsentrasjonsleirfange i sovjet-tida. Eit reisebyrå arrangerer reiser til Ural med overnatting i ein av dei gamle fangeleirane.
Ved Egil Johan Ree
Eit tilbod til spesielt interesserte, må ein vel kalla det. Men kanskje vil nyfikne russarar og andre frå det tidlegare Sovjetunionen gripa sjansen og få høve til å sjå korleis det var i dei illgjetne leirane. Nå kan dei gå til eit reisebyrå og tinga seg tur til den tidlegare leiren Perm-36 i Uralfjella.
 |
No får turistar høve til å sjå korleis det var i dei illgjetne Gulag-leirane i det tidlegare Sovjetunionen, skriv Egil Johan Ree. |
Perm-36 var ein liten del av det enorme komplekset av fangeleirar som forfattaren Aleksander Solsjenitsyn kalla Gulag-arkipelet. Gulag er ei forkorting av det offisielle namnet på den administrative leiinga av leirane.
Desse fangeleirane eksisterte i heile sovjetperioden og millionar av menneske vart sende dit. Den verste tida var åra då Stalin styrde. Solsjenitsyn hevdar at mellom 40 og 50 millionar var innom leirane mellom 1928 og 1953, året då Stalin døydde.
Det var mange hundre leirar, kvar med 2000 til 10 000 fangar. Dei fleste var arbeidsleirar der fangane bygde vegar eller kanalar, felte tømmer eller arbeidde i gruver. Maten var elendig, arbeidstida lang. Klimaet var ofte hardt, for mange av leirane låg i fjerne strok nord og aust i Sovjetunionen.
Truleg mista om lag ti prosent av fangane livet på grunn av tungt arbeid, svolt og frost - eller dei vart avretta. Vestlege historikarar reknar med at mellom 15 og 20 millionar fangar sette livet til i åra mellom 1918 og 1956.
Ein general i ein av leirane har skildra offiserkollegaer som "kraup rundt på alle fire og grynta og rota. Dei var blitt halvidiotar som ingen kunne driva vekk frå avfallshaugane, uansett kor mykje dei vart banka".
Leirane tok til å tømast etter at Stalin var borte. Mange hundre tusen fekk amnesti og kunne reisa heim. I 1957 reknar dei med at talet på fangar i Gulag var omlag slik det hadde vore i 1920-åra, altså rundt om 100 000.
Nå kan altså folk få ein smakebit av livet i Perm-36, den siste av leirane med politiske fangar som vart stengd. Ein av dei som var der, var Nathan Sharansky som i dag er visestatsminister i Israel.
 |
Å oppleve fangelivet må ein vel kalla eit tilbod til spesielt interesserte, skriv Egil Johan Ree. |
Turistane kan få overnatta bak piggtrådgjerda i ei brakke slik ho var den gongen, og skal få servert same maten som fangane fekk. Kor mange som vil prøva seg på denne forma for turisme, står att å sjå. Det blir neppe lange køar i reisebyråa.