skilleBanner kroningsjubileet skille_slutt
Toppbanner Her & Nå 3_1_gif
Her er du: NRK.no > Programmer > Radioarkiv > Her & Nå
Her & Nå
Tlf. 7388 1400

 

Kjempar mot Lidl-butikkar

Den tyske billigmatkjeda Lidl kan få problem med å finna eigna tomter til butikkane sine i norske byar. Lidl saumfarer no landet på leit etter tomter der dei kan byggja sine karakteristiske ein-etasjers butikkbygningar.

Publisert 03.12.2002 16:23. Oppdatert 04.12.2002 10:03.
Men den tid er over då norske kommunar synest det er vakkert med store, låge butikkbygningar på ein parkeringsplass.

- Me ønskjer ikkje slike plasskrevande butikkar i våre små byar, seier Einar Strøm (Sp), nestleiar i hovudutvalet for regional utvikling i Nord-Trøndelag.

Sa nei til Lidl

Tysdag sa hovudutvalet for regional utvikling i Nord-Trøndelag nei til Lidl sine planar om butikkar i Steinkjer, Levanger, Stjørdal og Verdal.

Lidl vil ha eigne Lidl-bygningar som ser like ut over heile Europa. Matvaregiganten godtar verken kjøpesenter eller første-etasje i ein større bygning. Det skal vera ein rommeleg parkeringsplass til minst 150 bilar, og tomta skal vera på fem mål.

Men no møter den tyske matvarekjeda motstand i både små og store byar.

Ynskjer ikkje slike butikkar

Lidl sine flate bygningar passar ikkje inn, meiner fleire kommunar.
- I Nord Trøndelag vil me ha tette bysentrum der butikkane ligg ved sidan av kvarandre, og ikkje på kvar sin parkeringsplass, seier Einar Strøm.

I Trondheim har Lidl sett seg ut fire ulike tomter der dei ønskjer å byggja sine eigne Lidl-bygningar som skal sjå ut som dei gjer elles i Europa.

- Dei er ti år for seint ute, seier byplansjefen i Trondheim Ann-Margrit Harkjerr.

For i dag er det fortetning som er idealet.

Tek for stor plass

- Det er slutt på den tida då det blir bygd einslege plasskrevande butikkar midt på ein parkeringsplass, seier Harkjerr.

Ho meiner problemet med Lidl er at det er uråd å diskutera med dei.

- Lidl har bestemt seg for korleis butikkane deira skal sjå ut, og er ikkje villige til å diskutera, seier ho.

Kritisk til Lidl

Bygningsrådet i Trondheim skal avgjera om dei fire tomtene Lidl ønskjer seg, skal omregulerast.

- Arbeidarpartiet er kritisk. Lidl er ikkje med på å gjera omgivnadene vakrare, seier kommunalråd Rune Olsø.

I Lidl Norge får me ikkje vita noko om planane i Noreg.

- Me held korta tett inn til brystet, seier dagleg leiar Jesper Innes i Lidl Norge.

Vil ha fleire butikkar

Men det er grunn til å tru at dei arbeider for å opna mange butikkar i Noreg 2003. Me veit at Lidl har oppretta det dei kallar for ekspansjonskontor i Oslo, Bergen, Kristiansand og Trondheim. Så langt har Lidl visstnok berre fått hand om ei tomt i Ålesund som kan brukast slik dei vil.

Norske kommunar derimot har hatt mykje kontakt med Lidl den siste tida. For det er kommunane som må omregulera tomtene Lidl får tak i til butikkformål.

- Mellom Oslo kommune til dømes og Lidl har det vore utstrakt korrespondanse, seier avdelingsdirektør Oscar Halvorsen i Oslo Kommune.

Men så langt har det ikkje ført til konkrete tomteplanar. Heller ikkje i Oslo likar dei planane om store, låge butikkbygningar midt på ein parkeringsplass.


 
Dagens kåseri
Her og Nå - hør siste sending
10 SISTE HER & NÅ
10 SISTE NYHETER
Copyright NRK © 2008  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no