Oljevernberedskapen har spelt fallitt, meiner fleire miljøvernorganisasjonar. No fryktar dei fleire store oljekatastrofar. WWF meiner teknologien til å rydde opp manglar.
- Området utanfor spanskekysten der "Prestige" sank kan samanliknast med norskekysten. Når slike ulukker skjer er det vanskeleg å rydde opp på grunn av verforholda, seier Rasmus Hansson i Verdas Naturfond (WWF).
Eit oljeflak på storleik med femten fotballbaner skal vere på veg mot den spanske nordvestkysten, som har fått tilnamnet Costa del Muerte - Dødskysten. Åtte lenseskip arbeider for fullt med å reinse havet. Eitt av dei er norske "Far Scout".
Veret er blitt betre
 |
Lenseskip pumpar bort olje utanfor nordvestkysten av Spania. |
- Det er svært mykje olje her vi ligg. Den ligg i svært tjukke lag i flak på opp til fem hundre kvadratmeters storleik. Søndag pumpa vi ombord kring 200 tonn olje, og så langt i dag har vi fått ombord mellom femti og seksti tonn. Vi hadde litt problem med vêret i går, men det er brukbare operative forhold i dag, seier Bjørn Brattfoss, rådgivar i Statens Forurensingstilsyn og observatør om bord i "Far Scout".
Veret er ein avgjerande faktor for om ein skal klare å rydde opp, meiner miljøvernorganisasjonane. Dei meiner eldgamle oljetankarar ikkje burde få trafikkere vêrharde og utsette kyststrók.
Teknologien er for dårleg
- Her ser vi kva som skjer når ein båt med mykje olje går ned i eit verhardt område. Vi har ikkje teknologi til å handtere alvorlege ulukker i hardt vêr. Mange stader, mellom anna Noreg, har sjeldan godt vêr. Den beste måten å rydde opp på er å forhindre at ulukkene skjer, seier Rasmus Hansson i WWF.
 |
Fugl blir reinsa av spansk hjelpearbeidar. |
"Prestige" forliste 210 kilometer utanfor nordvestkysten av Spania den 13. november, men sank ikkje før den 19. november. Åtte lenseskip frå seks land, mellom desse "Far Scout" frå Noreg, er på plass og pumpar bort olje frå sjøen.
50 mil av spanskekysten er tilgrisa av olje. Til no er 5500 tonn olje fjerna, samt 2000 tonn frå strender og skjær.
- Har handlet dumt
Vraket etter "Prestige" ligg på 3600 meters djup. Spanske myndigheiter vil sende ein miniubåt ned for å finne ut om det lekk olje frå vraket, dersom veret tillet det.
- Det var dumt gjort å handtere denne ulukka på denne måten. Spanske myndigheiter har ikkje handla raskt nok. Dei taua "Prestige" til havs og auka dermed risikoen for at noko skulle skje. Når oljen no renn innover strendene for andre gong, har myndigheitene ikkje prioritert kva som er dei aller viktigaste oppgåvene. Dei har handla for langsomt, seier Rasmus Hansson.