skilleBanner kroningsjubileet skille_slutt
Toppbanner Her & Nå 3_1_gif
Her er du: NRK.no > Programmer > Radioarkiv > Her & Nå
Her & Nå
Tlf. 7388 1400

 

Fryktar gatevald pga. røyk

Fulle, røykande nordmenn i klynger på fortauet seint laurdag kveld. Frå 2004 skal du ikkje lenger ha lov til å røyke på utestader og restaurantar, foreslår regjeringa. Bransjen fryktar meir gatevald.

Av Kjetil Malkenes Hovland. Publisert 29.11.2002 16:13. Oppdatert 29.11.2002 16:23.
LYD OG VIDEO  Lyd Video
Hjelp | Mer lyd og video
- Dei vil vel stå utanfor her og røyke, slik som dei gjer ved mange bedrifter, seier ein gjest på Hjørnet i Trondheim.

Kring halvparten av gjestane her røyker, men om eitt års tid vil ingen gjere det lenger. Det seier regjeringa i forslaget til ny røykelov.

Gjestane er ikkje klar

- Vi er førebudd, men eg trur ikkje gjestane er det, seier dagleg leiar Tore Pettersen på Britannia Hotell, som driv kafe Hjørnet.

Han fryktar at det blir vanskeleg å handheve reglane. Særleg i helgane når folk har tatt seg nokre pils og får lyst på røyk.

Dårlege erfaringar i Canada

Fra 1. januar 2004 blir det ikke mer røyk på norske utesteder.
- For nokre år sidan i Vancouver i Canada måtte eg sitje i eit partytelt utanfor hotellet og røyke på grunn av totalforbod. Forbodet der førte til fleire folk i gatene seint på kvelden og meir vald, ifølgje folk i bransjen, seier Pettersen.

Han fryktar liknande tilstander i Noreg, i alle fall i ein overgangsperiode. For det er allereie vanskeleg å handheve reglane, spesielt når folk har drukke alkohol.

- Folk som har vore innom fleire barar i løpet av kvelden, prøver gjerne å tøye reglane. Når den nye røykelova blir innført, blir det truleg større trafikk inn og ut for å røyke. For oss betyr det at vi må ha meir vakthald, og dermed aukar kostnadene, seier Pettersen.

- Einaste bransjen med røyk

- Passiv røyking er eit stort problem for dei tilsette i bransjen, som er dei einaste som ikkje har eit røykfritt miljø på jobben. Det er også store delar av befolkninga som aldri kan gå ut slik som det er no, seier helseminister Dagfinn Høybråten til Her & Nå.

- Vi vil gjerne vere med på dette, men trur ikkje befolkninga er klar enno. Vi må ha noko å tilby dei kundane våre som ynskjer å røyke, i alle fall i ein overgangsperiode, seier Erik Saudan i Reiselivsbedriftenes Landsforening.

Blir sjeldan kontrollert

Dei seks restaurantane som Tore Pettersen har ansvar for, blir svært sjeldan kontrollert etter den gjeldande røykelova.

- Dei tilsette må sjølv vere politi i den grad dei ynskjer det. Det er ei svært lite hyggeleg oppgåve å vere røykepoliti i restaurantlokale, seier han.

Staten har ikkje lukkast

Og dei gjestane vi snakka med på Hjørnet, var alle samde om at staten ikkje har lukkast med sine kampanjar mot røyking.

- Det viser seg at fleire unge begynner å røyke. Det er trist, for eg veit kor vanskeleg det er å slutte når ein først har vore dum og begynt, seier ei kvinne i røykeavdelinga.


 
Dagens kåseri
Her og Nå - hør siste sending
10 SISTE HER & NÅ
10 SISTE NYHETER
Copyright NRK © 2008  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no