Kåseriet: Dyr krangel om vegarNorges Automobil-Forbund og Vegdirektoratet har kome i krangel om samanhengen mellom fart og ulykker på norske vegar. Begge partar brukar store summar på annonsekampanjar.
Ved Egil Johan Ree Publisert 25.11.2002 10:59. Oppdatert 25.11.2002 11:01.Dei største norske avisene har grunn til å gle seg i desse dagar. Dei har lenge klaga over sviktande annonseinntekter, men nå strøymer millionane inn. Norges Automobil-Forbund - NAF - brukar på 2,8 millionar kroner på sin annonsekampanje, Vegdirektoratet 600 000.
Det blir 3,4 millionar kroner til glede for redaktørar og disponentar i Aftenposten, Stavanger Aftenblad og andre aviser som er så heldinge at dei får selgja sidene sine til kranglefantane.
NAF var først ute med fire heilsider i fargar. På dei to første ser vi ein bein og flat veg med stygge hol i asfalten og eit trafikkskilt som viser 80 kilometers fartsgrense. På dei to neste sidene same vegen, men nå med 60 kilometers fartsgrense. Slik gjer styresmaktene, hevdar NAF.
I staden for å reparera vegen, set dei ned farten. Og i same slengen påstår NAF, med tilvising til ein forskingsrapport, at høg fart berre er årsak til seks prosent av dødsulykkene.
Dette ville ikkje Vegdirektoratet ha sitjande på seg, så i dag slår dei til med svarannonse. Som offentleg etat må direktoratet sjølvsagt visa nøysemd, så det nøyer seg med ei heilside. Der ser vi bilete av ein veg med 70 kilometers fartsgrense. "Si hva du vil", hevdar Vegdirektoratet i annonsen, "Dette sparer 10 menneskeliv i året".
Dette var då bombastiske greier, tenkjer vi stakkars avislesarar som sit og lurer på kva vitsen er med å bruka slike uhorvelege summar på ein krangel om vegar og fart som vi har høyrt tallause gonger før.
NTB - Norsk Telegrambyrå - har snakka med begge partar, og då viser det seg at dei slett ikkje er så usamde som ein skulle tru. Dette er nok eit velmeint innlegg frå NAF si side. NAF reiser ein viktig debatt om standarden på norske vegar, seier Vegdirektoratet.
NAF på si side hevdar nå at meininga ikkje var å driva polemikk med direktoratet. Formålet var å peika på manglande løyvinga til vedlikehald av vegar. Og når det gjeld tilvisinga til forskingsrapporten om fart og dødsulykker, så vedgår NAF at meininga ikkje var å protestera mot at direktoratet har sett farten på somme strekningar.
Så då veit vi det, vi som har undra oss over dei store annonsene. Når dei er så samde kunne dei kanskje spart alle millionane dei har brukt på annonser. Det er våre skattepengar og vår medlemsavgift dei brukar, så dei kunne godt ha spurt oss først.
|