skilleBanner kroningsjubileet skille_slutt
Toppbanner Her & Nå 3_1_gif
Her er du: NRK.no > Programmer > Radioarkiv > Her & Nå
Her & Nå
Tlf. 7388 1400

 

Reklamebryllaup

Eit dansk brurepar er på leit etter ein prest som vil la dei få gifta seg i kyrkja med reklameplakatar på brurestasen.

Publisert 18.11.2002 14:00. Oppdatert 18.11.2002 16:39.
LYD OG VIDEO  Lyd Video
Hjelp | Mer lyd og video
Av : aagot.opheim@nrk.no

19.april 2003 ønskjer danske Susanne Nielsen og Carsten Henningsen å gå opp kyrkjegolvet med McDonalds, Nokia, Sony og andre reklamemerke på brurekjolen og smokingen. Slik får dei andre til å betala bryllaupsfeiringa til 100 000 kroner.

Berre presten manglar


Alt er klart til sponsa bryllaupsfeiringa om nesten eit halvt år. Berre presten manglar. For presten i heimekyrkja deira i Vojens på SørJylland seier nei. Han vil ikkje bruka den danske folkekyrkja til å via levande reklamesøyler.

- No er me i kontakt med to andre prestar, seier Kenneth Lund Petersen. Han er mannen bak sponsorbryllaupet som er det første i sitt slag i Danmark.

Plan B er hagebryllaup


- Sjølvsagt har eg fått dette i stand for å skapa blest om min eigen nettstad, bryllup.dk, seier han til Her&Nå. Og han reknar ikkje med at det blir fleire slike full-sponsa bryllaup. - Det er berre mogleg å få media interessert i noko slikt ein gong reknar han med.

- Plan A er å finna ein prest som er villig til å via brureparet, Susanne Nielsen og Carsten Henningsen, i kyrkja. Men viss me ikkje får det til, satsar me på å få til bryllaupet i hagen til brureparet, seier Kenneth Lund Petersen


 
Dagens kåseri
Her og Nå - hør siste sending
10 SISTE HER & NÅ
10 SISTE NYHETER
Copyright NRK © 2008  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no