Det blir vel neppe kø hos dyrlegane framfor dei store skimeisterskapa i vinter, men ein viss pågang av ambisiøse skiløparar må vel veterinærane venta seg etter den siste utviklinga på dopingfronten.
 |
I fjor var det snakk om ESP, ei form for bloddoping som Mühlegg, Lazutina og andre utøvarar hadde stor glede av ei kort stund. I år eller neste år er det altså kublod som skal gi toppresultat, skriv Egil Johan Ree. |
I fjor var det snakk om ESP, ei form for bloddoping som Mühlegg, Lazutina og andre utøvarar hadde stor glede av ei kort stund. I år eller neste år er det altså kublod som skal gi toppresultat. Ein svensk professor spår at løparar med kublod i årene koma til å rasa rundt i løypene under verdsmeisterskapen i Val di Fiemme i februar.
Meldingane om saka fortel ikkje kven som har fått ideen om å bruka kublod som prestasjonsfremjande middel, men ein eller annan stad sit det openbart nokre godt betalte folk og jobbar med å finna på nye metodar for å få idrettsfolk til å forflytta seg raskare.
Poenget er å vera eit hakk framfor dopingjegarane. For kvart nytt juksemiddel må nemleg dopingkontrollørane utvikla metodar for å avsløra jukset. Før dei kjem så langt at dei greier det, kan juksarane ha skaffa seg både fine medaljar og feite sponsorinntekter. Det er jo det som tel i idretten i dag.
Kva slag eigenskapar kublod har som er så prestasjonsfremjande, har vi ikkje fått heilt tak i. Vi kan vanskeleg sjå at kua med sine stive bein og tunge kropp kan vera noko ideal for idrettsutøvarar som skal renna langt i stor fart.
 |
- Kva positiv verknad kan blod frå stivbeinte kyr ha på idrettsfolk? spør Egil Johan Ree. |
Men det er altså noko med blodet. Det skal gjennom ein teknisk prosess slik at det blir frigjort eit oksygenbyggjande protein. Dette blir då sprøyta inn i menneskekroppen for å auka prestasjonen.
Det nye middelet vart truleg diskutert på møtet i antidopingbyrået WADA i København i helga. Der er dei stadig opptatt av dopingproblemet, jamvel om somme meiner at byrået ikkje gjer jobben sin. Ein britisk professor sa på møtet at han tvilar på om WADA i det heile tatt ønskjer å vinna kampen mot doping.
 |
Professor Hans Skaset |
Ein italiensk dopingjegar hevda at WADA var skapt for å dekkja over dopingproblemet, eit synspunkt som den norske professoren Hans Skaset deler. Skaset vil at Verdshelseorganisasjonen skal overta jobben til WADA.
Men Skaset og hans likesinna vinn visst ikkje fram med synspunkta sine, så vi må sikkert leva med både WADA og doping.
Og denne sesongen kan vi altså sitja framfor skjermen og lura på kor mykje kublod som renn i årene på dei sprekaste skiløparane. Kva blir det neste?