 |
Kjell Inge Røkke og Gerhard Schröder promenerer i Oslo. |
Som Dagsrevyen så overstrøymande og imponert formidla i går, gjekk Kjell Inge Røkke og den nye kompisen hans, forbundskanslar Schröder, til fots gjennom Oslo-gatene. Helmuth og I skulle ut og få seg mat etter samtalane på Aker Brygge.
Det var sjølvsagt fornuftig av dei å spasera, for som vi alle veit bør vi la bilen stå når vi skal på restaurant og meska oss med god mat og sterke drikkevarer. Men vi går ut frå at Røkke på førehand hadde sikra seg at det var skikkelege varer kelnaren sette på bordet, for etter det vi forstår av rapportane frå hovudstaden, kan ein risikera litt av kvart både i glasa og på tallerkane når ein vågar seg ut i Oslos restaurantliv.
Det er ikkje småtteri som har kome fram etter at Tande-P stod fram og skulda restaurantbransjen for snusk og fanteri. Etter det han sjølv hevdar, er utestadene hans på kanten av konkurs fordi han må driva lovleg for ikkje å øydeleggja sitt gode namn og rykte som underhaldningsartist.
Andre, derimot, som ikkje har så mykje rykte å ta vare på, driv med overskot, hevdar Tande-P, fordi dei serverer smuglarvarer som dei har kjøpt billeg og sel til full pris.
Etter denne utblåsinga fekk kontrollørane i Oslo det travelt, og nå les vi om hovudstadrestaurantar som serverer vodka iblanda teknisk sprit, utvatna gin og innsmugla kyllingbryst. Personalet jobbar ulovleg, kjøt ligg på lager i romtemperatur og hygienen generelt er elendig både her og der. Helseministeren er rysta, seier han.
 |
Kjell Inge Røkke ser litt molefonken ut |
Å gå på restaurant i Oslo er såleis blitt ein risikosport, forstår vi, for styresmaktene vil ikkje opplysa kven som driv med snusk og kven som ikkje gjer det.
Julebordgjestene i hovudstaden får i alle fall eit ekstra spenningsmoment i år når dei set seg til ribba og akevitten. Er det stempla og garantert kjøt frå Gilde dei får, eller smuglarvare med tilhøyrande tvilsame bakteriar? Og kor mykje vatn er det i akevitten?
Vi ser at forbundskanslar Schröder er frisk og rask i dag, så det gjekk nok bra for han og Røkke i går. Og vi går ut frå at Kjell Inge ordna med privat transport etter middagen, for slik vi forstår det, bør ein heller ikkje ta drosje i Oslo lenger.
I den bransjen er det visst så mykje rart at ikkje ein gong politifolk vågar å la seg transportera med drosjebil - jamvel om det er politiet som har godkjent sjåførane!