- Vi er avhengig av at taxinæringa klagar på sjåførar for å kunne gripe inn, seier assisterande politidirektør Knut Smedsrud. Og næringa vil gjerne rydde opp sjølv.
 |
Wiggo Korsnes, leiar i Norges Taxiforbund |
- Vi vil ha fleire fullmakter til å kunne fjerne sjåførar sjølv. Vi vil ha høve til å rydde opp i eige hus, seier leiar Wiggo Korsnes i Norges Taxiforbund.
Etter møter med Oslo politikammer, politidirektoratet, Justisdepartementet og Samferdsledepartementet føler Korsnes at ingenting hjelp.
- Det kunne ha vore langt strengare reglar enn i dag, seier han.
- Reglane er gode
- Vi har eit godt regelverk. Dersom ein person ikkje er edrueleg eller påliteleg, eller ikkje skikka til å køyre bil, så kan ein ta frå han køyresetelen, seier assisterande politidirektør Knut Smedsrud.
- Det høyrest jo bra ut, og i møter er vi vanlegvis samde om alt. Men i praksis fungerer det berre ikkje. Viss ein sjåfør får nokre trafikkbøter, så er politiet raskt ute, men i saker der folk ikkje er eigna som sjåførar, blir reaksjonane ikkje like sterke, seier Wiggo Korsnes.
 |
Knut Smedsrud, assisterande politidirektør |
Ei klage sidan 1999
- Oslo politidistrikt har berre fått inn ei einaste klage sidan 1999. Kjem det inn fleire klager frå næringa sjølv, så skal vi gripe inn, seier Smedsrud, som forklarer dette slik:
- Ein vanleg arbeidsgjevar kan seie opp folk som ikkje gjer jobben sin. Men her er det ikkje taxinæringa som er arbeidsgjevar, men derimot den enkelte taxieigaren. Difor er politiet avhengig av at taxinæringa klager for å kunne stogge ueigna sjåførar.
Fekk 47 klager
- Eg sit med ei sak framfor der ein sjåfør har fått 47 klager. Politidistriktet tok køyresetelen hans, men Justisdepartementet greip inn og gav den tilbake, seier Wiggo Korsnes.
- Dette er ei gammal sak som aldri har vore oppe i politidirektoratet. Den har vore oppe i Justisdepartementet etter dei gamle reglane, men ikkje hos oss, seier Smedsrud, som meiner taxinæringa og politiet har ei felles sak.
Før ein kan køyre taxi, må ein ta ei prøve. Deretter kan ein få jobb hos ein taxi-eigar, som igjen køyrer for ein sentral. Det er politiet som kan inndra kjøreseddelen til en taxisjåfør. Dette skjer oftast enten på grunn av vandel eller sjukdom.