skilleBanner kroningsjubileet skille_slutt
Toppbanner Her & Nå 3_1_gif
Her er du: NRK.no > Programmer > Radioarkiv > Her & Nå
Her & Nå
Tlf. 7388 1400

 

- Ynskjer ikkje kristen undervisning

- Dei fleste vil ikkje ha hjelp til å oppsede borna sine, sa professor Trond Skar Dokka på kyrkjemøtet tysdag. Regjeringa og kyrkja vil bruke ein kvart milliard på å gi 315 timar med dåpsundervisning til alle som er døypte.

Av Kjetil Malkenes Hovland. Publisert 05.11.2002 16:23. Oppdatert 07.11.2002 11:20.
LYD OG VIDEO  Lyd Video
Hjelp | Mer lyd og video
- Eit fleirtal av dei som har døypt ungane sine, ynskjer ikkje kyrkja si hjelp til å oppdra dei, sa professor Trond Skar Dokka til kyrkjemøtet tysdag. Kvart år blir femti tusen born døypt. No vil regjeringa tilby dei 315 timar dåpsundervisning kvar.
Dei fleste av dei som døyper borna sine ynskjer ikkje kyrkja si hjelp.

Det seier stortingsmeldinga "Trusopplæring i ei ny tid", som vart lagt fram i statsråd for kort tid sidan. Frå eit barn er døypt til det fyller 18 år får han eller ho omlag 315 timar dåpsopplæring - medrekna konfirmantundervisninga på 45 timar, foreslår regjeringa.

Opplæringa skal innarbeidast over ein periode på fem til ti år. Pris: ein kvart milliard kroner.

- Vi må motivere foreldre til å forstå at det høyrer livslang læring til dåpen. Dette er ikkje ein invasjon av kvar enkelt sitt liv, men ei hjelp til å navigere i eit samfunn der det blir stadig meir vanskeleg å navigere moralsk og etisk, seier direktør Erling Pettersen i Kyrkjerådet, ein av arkitektane bak dåpsopplæringa.

Han fryktar ikkje at folk vil unngå å nytte seg av regjeringa sitt undervisningstilbod.

- Eg trur vi vil møte ei opnare haldning til dette framlegget enn mange trur, seier Pettersen.

Folk ynskjer ikkje hjelp av kyrkja til å oppsede born, seier professor.

Trussamfunna er likestilt


Alle trussamfunn blir likestilte når det gjeld å få pengestøtte frå Staten til dåpsopplæring, og den skal reknast ut etter kor mange medlemmar trussamfunnet har.

Sidan det største trussamfunnet her i Noreg framleis er den norske kyrkja, får den naturleg nok også mest støtte til den nye dåpsopplæringa. Og for Regjeringa er målet med reformen klar, slik det står å lese i pressemeldinga frå Kultur- og Kyrkjedepartementet:

"Regjeringen anser dette som en viktig del av å holde ved like og utvikle den norske kirke som en folkekirke og føre videre den kristne kulturarven, sier statsråden."

Men samstundes med at Regjeringa foreslår ei ny dåpsopplæring i offentlege barnehagar og skular, er tilhøvet mellom Stat og kyrkje langt i frå avklart. Truleg blir kyrkja skilt frå staten om få år.

- Dette går utruleg mykje pengar til det her. Pengar som kunne vore brukt betre, til dømes for å styrke skulen som heilskap, seier generalsekretær Lars Gule i Human-Etisk Forbund, som tykkjer det er merkeleg å innføre ei slik dåpsopplæring no som stat og kyrkje er i ferd med å skiljast.

- Det er viktig for borna våre å få opplæring i den kristne trua viss dei vil ha det, seier kultur- og kyrkjeminister Valgerd Svarstad Haugland. Men Lars Gule er usamd.

- Det er uhøyrt å bruke så mykje pengar på ei ordning som kan bli avvikla etter få år, seier han.


 
Dagens kåseri
Her og Nå - hør siste sending
10 SISTE HER & NÅ
10 SISTE NYHETER
Copyright NRK © 2008  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no