skilleBanner kroningsjubileet skille_slutt
Toppbanner Her & Nå 3_1_gif
Her er du: NRK.no > Programmer > Radioarkiv > Her & Nå
Her & Nå
Tlf. 7388 1400

 

Politiet skeptisk til klarsynte

Dei fortel detaljert om kva som kan ha skjedd i uløyste mordgåter. Men politiet trur ikkje dei "klarsynte" i "Fornemmelse for mord" på TV Norge er til hjelp i drapsetterforskingar.

Av Kjetil Malkenes Hovland. Publisert 05.11.2002 12:45. Oppdatert 06.11.2002 10:53.
- Program som dette gir sjeldan nye moment i etterforskinga, seier politiinspektør i Vestfold politidistrikt, Tove Nissen-Sollie.
- Den typen "bevisførsel" som synske personar gir kan vi ikkje føre for retten. Dette er for ein stor del spekulativ underhaldning.

Programmet "Fornemmelse for mord" på TV Norge tar med seg to "klarsynte" til åstaden for eit mord. Dei får sjå bilete av offeret, og ved hjelp av dette skildrar dei drapsmetode, motiv og drapsmannen sin utsjånad. Førre utgåve av programmet tok opp drapet på Ronald Ramm fra Larvik. Men politiet ville ikkje stille opp.

- Det var ei avgjerd eg tok saman med statsadvokaten. Ramm-saka er ei gammal sak, og etterforskinga har vore teken opp att tre gonger, seier Nissen-Sollie.

Per Asle Rustad, programleiar i "Fornemmelse for mord". Foto: TV Norge

Ser i glasbolle

- Kvifor skulle ikkje norsk politi bruke klarsynte når det blir gjort i mange andre land? spør Per Asle Rustad, programleiar i "Fornemmelse for mord".

- Vi forstår at politiet er skeptiske. Vanlegvis får dei tips frå klarsynte som sit heime i sofaen og ser i ein glasbolle. Men i "Fornemmelse for mord" tek vi dei klarsynte med til åstaden og viser dei bilete av offera i sakene. Vi gjer dette på ein systematisk og seriøs måte.

Rustad har jobba med krimsaker i ti år for TV2-nyheitene. Han understrekar at TV Norge-programmet tek opp saker der politiet ikkje kjem vidare likevel, og der dei ikkje har noko å tape på å stille opp.

- Vi tek opp saker der politiet ikkje har noko trumfkort att i ermet. Og vi brukar dei berre i faktadelane av programmet. Dei fortel kva dei har gjort så langt, og kva etterforskinga ikkje har gitt svar på, seier Rustad.

Fekk inn åtti tips

- Kjem det tjue synske til oss så får vi tjue forskjellige tips. Difor trur eg den tradisjonelle måten å drive etterforsking på er meir riktig for oss, seier lensmann i Stranda og Norddal, Jens-Arne Hessegjerde.

Han er ansvarleg for etterforskinga av drapet på Trude Espås, som vart funnen i ei steinur i Geiranger 8. august 1996. Nyleg lot TV Norge-programmet "Fornemmelse for mord" to klarsynte prøve å oppklare saka. Og denne gongen stilte politiet opp.
20 år gamle Trude Espås vart funnen drept i Geiranger i 1996


- Vi deltok i programmet fordi vi ynskte å få fram fakta i saka. Vi håpte at programmet ville føre til at vi fekk inn nye tips. Det gjorde vi også. Det kom inn over åtti nye tips, seier Hessegjerde.

Skildrar drapsmenn

Drapet på Trude Espås er ei av ti drapssaker som er blitt teke opp i TV Norge-programmet . I kvar sak prøver to klarsynte uavhengig av kvarandre å oppklare uløyste norske drapssaker. Dei hevdar at opplysningene dei kjem med ikkje er kjend for dei frå før.

Til saman jobbar seks klarsynte for TV-programmet. På slutten av kvart program gir dei ei skildring av drapsmannen eller dei som på ein eller annan måte er involvert i drapet. Profesjonelle teiknarar lager så ei skisse av drapsmannen. Alle tips og skildringar frå dei klarsynte blir overlevert til politiet.


 
Dagens kåseri
Her og Nå - hør siste sending
10 SISTE HER & NÅ
10 SISTE NYHETER
Copyright NRK © 2008  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no