skilleBanner kroningsjubileet skille_slutt
Toppbanner Her & Nå 3_1_gif
Her er du: NRK.no > Programmer > Radioarkiv > Her & Nå
Her & Nå
Tlf. 7388 1400

 
DEBATT I HER OG NÅ:

- PR-framstøt å melde Putin

- Vi må ikkje presse Russland opp i eit hjørne, seier Inge Lønning (H) til Her og nå. Han er kritisk til partikollegaen som har meldt Vladimir Putin til politiet.

Av Kjetil Malkenes Hovland. Publisert 04.11.2002 12:19. Oppdatert 05.11.2002 08:47.
LYD OG VIDEO  Lyd Video
Hjelp | Mer lyd og video
Inge Lønning (H)
- Vladimir Putin høyrer heime i nabocella til Slobodan Milosevic i Haag, seier leiar Ingvald Godal (H) i støttekomiteen for Tsjetsjenia. Komiteen har meldt den russiske presidenten til politiet for brot på menneskerettane, på vegne av sju tsjetsjenarar som meiner seg torturert av russisk militære.

- Eg har ikkje sans for eit så aparte verkemiddel som å melde Putin til politiet. Eg ser dette som eit PR-framstøt, seier partikollega Inge Lønning, som ikkje trur Godal oppnår noko som helst ved å melde Putin.
- Når ein set i gang etterforsking, er det for å nå fram til ein påtale. Og eg ser det som utenkeleg å få til ein påtale mot Putin, seier Lønning.

- Men det er ikkje urealistisk å få politietterforska sakene til dei tsjetsjenarane som er her i Noreg, og som er utsett for så fæle ting at eg ikkje har ord for det. Det er viktig å få politietterforska dette så langt som råd. Men vi vil også leggje politisk press på Russland. Vi vil be Noreg om å ta dette opp med Sikkerhetsrådet, seier Ingvald Godal, tidlegare stortingspresident for Høgre. Dei to er samde om at Sikkerhetsrådet er den einaste institusjonen som kan påtale Putin.
- Men ingen trur vel at det er mogeleg å samle støtte til ein påtale mot den russiske presidenten der, seier Inge Lønning.

Vladimir Putin blir skulda for å bryte menneskerettane

Ingen følgjer for Noreg

President Putin kjem til Noreg den tolvte november, men Godal sitt utspel får ingenting å seie for dette besøket, ifølgje Utanriksdepartementet (UD).

- President Putin har full immunitet, seier pressetalsmann i UD, Karsten Klepsvik. Han trur ikkje anmeldelsen har noko å seie for Noreg sitt tilhøve til Russland. Han legg til at departementet ikkje støttar denne måten å protestere på.
- Konflikten i Tsjetsjenia må løysast med politiske verkemiddel, seier Klepsvik.

Russland mot resten

Terroraksjonen opprørte ei heil verd, men fekk også Russland si krigføring i Tsjetsjenia fram i lyset igjen.

Sjølv om aksjonen i Russland førte til auka støtte til krigen i heimlandet, har den hatt nærmest motsett verknad andre stader. Danmark sin statsminister Anders Fogh Rasmussen gjekk kraftig ut i forrige veke då Russland ynskte å stanse Tsjetsjenia sin verdskongress som skulle haldast i landet.

- Det er organisasjonsfridom og ytringsfridom i Danmark, og regjeringa kan ikkje forby eit lovleg politisk møte. Russland har reagert med å avlyse Putin sitt statsbesøk i Danmark, og det er vi lei for. Vi håper møtet kan finne stad seinare, sa Rasmussen.

Noko er råttent i Danmark

At Tsjetsjenia-konferansen gjekk som planlagt, har også gjort at Russland boikotter danske varer. Og mellom politikarar og i russiske medier blir William Shakespeare sine ord om at noko er råttent i kongeriket Danmark flittig brukt.

I Noreg har Støttekomiteen for Tsjetsjenia vore ein pådrivar for ein reaksjon mot den russiske krigføringa i Tsjetsjenia. Komiteen politimelde president Putin på vegne av sju tsjetsjenske flyktningar som oppheld seg i Noreg, og som meiner seg utsett for tortur av russiske militære.

LENKER

 
Dagens kåseri
Her og Nå - hør siste sending
10 SISTE HER & NÅ
10 SISTE NYHETER
Copyright NRK © 2008  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no