Av
aagot.opheim@nrk.no
- For oss som vart tilsette i den trygge statsbedrifta Televerket er det eit sjokk å få oppseiinga, seier
Øivind Jacobsen. Han er delvis sjukmeldt etter at han som ein av 400 telemontørar vart sagt opp i sommar. 1. desember skulle han ha vore ute av Bravida, men fordi han går til rettsak, blir han verande i jobb til oppseiinga er endeleg avgjort.
Sluttpakke hadde hindra rettsak
- Tilbodet frå Bravida var løn i oppseiingstida, og at eg får behalda mobiltelefonen, seier 45-åringen som i heile sitt vaksne liv har hatt same arbeidsgivar. I snart 24 år har han arbeidd som telemontør først i televerket, no i det private selskapet Bravida, delvis eigd av Telenor. No ser han at dei tidlegare kollegene hans i Telenor får tilbod om ei sluttpakke og å seia opp sjølve. Hadde Øivind Jacobsen vore tilsett i Telenor hadde han fått med seg nesten ei årslønn og tilbod om kursing.
- Bravida er ei lågmarginbedrift, seier kommunikasjonsdirektør Anne Karin Augland i Bravida. Difor finst det ikkje pengar til etterløn. Men selskapet har råd til å løna toppsjefen sin med nesten seks millionar kroner i året. Det stadfesta konserndirektør Jan Kåre Pedersen i NRK-programmet Brennpunkt sist veke.
 |
Konsernsjef Jan Kåre Pedersen |
Jamgammal med sjefen
- Jan Kåre Pedersen og eg er like gamle. Me starta i televerket omlag samtidig som telemontørar, seier oppsagt telemontør Øivind Jacobsen. Han har rekna ut at det går 24 årsløner for ein montør på sjefløna.
No blir det rettsak på nyåret. Av dei 400 arbeidstakarane som vart sagt opp i sommar, går omlag 25 til arbeidsretten fordi dei kjenner seg usakleg oppsagt. - Dette er mange seier konserntillitsvald for LO Trond Berg-Hansen.
- Bravida har teke for lite omsyn til ansiennitetsprinsippet under oppseiingane, seier Berg-Hansen.
Kva med distrikta?

45 år gamle Øivind Jacobsen held til i Grong i NordTrøndelag. Arbeidsområdet hans er landsbygd og fjellområde heilt nord i Trøndelag. Her går framleis mykje av telenettet i lufta frå stolpe til stolpe utsett for ver og vind. I 24 år har Øivind Jacobsen vore med i mderniseringa av det norske telenettet - frå dei gammaldagse telefonsentralane, via automatisering og digitalisering til han har vore med på å lagt ned ti mil med optiske fiberkablar til breiband.
Gjort seg sjølv overflødig
- No har eg tydelegvis gjort meg sjølv overflødig, seier han. - Det ser ut til at arbeidslivet mitt er over 20 år før eg går av med pensjon. Han meiner det framleis ville vore bruk for langt fleire telemontørar enn dei som blir att. - Kven skal reparera telenettet når noko går gale? spør han. - Men det er ikkje pengar å tena på å halda telenettet i distriktet ved like, seier Øivind Jacobsen. Han tenkjer minst mogleg på kva han skal gjera dersom han mistar jobben. - Ein draum er å bli personalsjef i Bravida slik at folk heretter kan bli skikkeleg behandla, seier han