skilleBanner kroningsjubileet skille_slutt
Toppbanner Her & Nå 3_1_gif
Her er du: NRK.no > Programmer > Radioarkiv > Her & Nå
Her & Nå
Tlf. 7388 1400

 
Kåseriet:

Standsmessige gardiner

Den tidlegare sjefen i Kværner Kjell Almskog kjøpte gardiner for 900 000 kroner til huset han disponerte i London medan han var sjef. Då han måtte gå, kravde han 600 000 kroner for gardinene av den nye eigaren.
av Egil Johan Ree

Publisert 15.10.2002 14:32.
Somme hugsar kanskje ennå Kjell Almskog. Det var han som i si tid skulle redda Kværner-konsernet etter at Erik Tønseth hadde rodd seg for langt utpå økonomisk. Nå skulle det bli andre tider. Almskog skulle rydda opp. Han selde huset sitt i Oslo og flytta til London der selskapet hadde kjøpt eit høveleg hus til 26 millionar kroner eller så. Ein Kværner-sjef må bu standsmessig, sjølvsagt. Men gardiner var det ikkje i huset. Det måtte Almskog sjølv kjøpa.

Eit standmessig hus må ha standsmessige gardiner, så rekninga kom på 900 000 kroner. Ein ikkje urealistisk pris, seier dagleg leiar i ein eksklusiv interiørbutikk til VG. Butikken har levert gardiner for mellom 400 000 og 500 000 til store norske hytter. Ein annan ekspert peikar på at det kanskje ikkje berre er snakk om sjølve gardinene. Ein må hugsa på at det kan vera både rysjer og duskar og slikt i tillegg til saum og montering. Kjøper ein dessutan St. Petersburg-damask, blir det snart pengar av det, for då er prisen 1500 kroner meteren.

Men Almskog fekk som vi hugsar sparken i Kværner og måtte flytta frå dei fine gardinene. Den nye eigaren, Kjell Inge Røkke, ville selgja huset og kjøparen ville gjerne ha gardinene med på kjøpet. Det var visst i orden for Almskog, men pengane ville han ha igjen. Han hadde jo betalt gardinene sjølv, så i alle fall ville han ha att 600 000 kroner. Eit rimeleg krav, tykte han nok sjølv, for då hadde han sagt frå seg ein fallskjerm på om lag 16 millionar kroner. Det einaste han sat att med etter å ha køyrt Kværner nesten i grøfta, var ein skarve pensjonsavtale til mellom 40 og 50 millionar kroner.

Men Kjell Inge Røkke var visst ikkje lysten på å gi gardinkompensasjon til Almskog, og då den nye huseigaren sa seg villig til å overta huset utan gardiner, enda det med at Almskog tok dei med seg. Så nå har han nok site ved symaskinen og sydd dei om slik at dei passar i huset der han nå bur.

Alt dette kan ein lesa i ei bok som kjem ut i dag. Der fortel to journalistar i Aftenposten kva som hende då Røkke overtok Kværner. I boka kan ein og lesa om korleis Almskog garderte seg før han vart sjef i selskapet. Han fekk Den norske Bank til å garantera at han skulle få løn og pensjon dersom Kværner gjekk konkurs. Ein kan jo aldri vita kva som kan skje slik gardinprisen er nå til dags.


 
Dagens kåseri
Her og Nå - hør siste sending
10 SISTE HER & NÅ
10 SISTE NYHETER
Copyright NRK © 2008  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no