skilleBanner kroningsjubileet skille_slutt
Toppbanner Her & Nå 3_1_gif
Her er du: NRK.no > Programmer > Radioarkiv > Her & Nå
Her & Nå
Tlf. 7388 1400

 
Kåseriet:

Grafsing i skattelistene

I går vart listene over formue, inntekt og skatt lagt ut offentleg. Ganske raskt vart dei og tilgjengelege på Internett.
ved Egil Johan Ree

Publisert 11.10.2002 14:14.
Vi tilstår det gjerne: i går trassa vi direktør Georg Apenes i Datatilsynet. Vi slepte laus våre lågaste instinkt, som han kallar det, vi grafsa i naboens økonomiske status og deltok dermed utan nemnande motførestillingar i det datadirektøren karakteriserer som offentleg prostitusjon. Vi sette oss godt til rette ved datamaskinen og klikka oss inn på både den eine og den andre. Det gjekk ikkje så fort, for det var mange som var ute i same ærend i går, så systemet jobba tregt. Men kven kan stå imot trongen til å vera kikkar ei lita stund så lenge det faktisk er offisielt tillatt?

Nyfikne granska vi vener og naboar for å sjå kva dei tente i fjor, kva formue dei hadde og kor mykje dei betalte i skatt. Vi har jo sjølvsagt inga nytte av det, og strengt tatt har vi ingenting med det, men styresmaktene har nå ein gong fastsett at det skal vera offentleg kva vi tener og kva vi bidrar med til felleskassa.

Før måtte vi gå på likningskontoret og bla i protokollane for å finna ut av det. Det var tungvint, så det orka vi ikkje. Men nå ligg altså alle opplysningane lett tilgjengelege på nettet. I dag ser vi at somme politikarar ikkje likar det. Det skal ikkje vera så lettvint, meiner dei. Nei vel, vi høyrer det. Dei meiner visst at skatteopplysningane skal stillast likt med vin og sprit. Vil vi plent ha det, må vi gå på polet for å handla. Slike tvilsame varer skal ikkje vera lett tilgjengelege i daglegvarebutikkane.

Men dei fleste vil visst ha det slik det er. Skattelistene skal vera offentlege, og Internett er kome for å bli anten politikarane likar det eller ikkje. Dermed kan vi, i alle fall så lenge Framstegspartiet ikkje har fleirtal i Stortinget, halda fram med å kikka naboen i korta. Og har vi ikkje tilgang til Internett, kan vi lesa i avisene. Rogalands avis brukar 25 sider i dag på å fortelja korleis det står til med inntekt og formue i Stavanger-distriktet. Riksavisene nøyer seg stort sett med å opplysa om kjendisane.

Alle fortel sjølvsagt om Kjell Inge Røkke som ligg på formuestopppen i landet med 3,8 milliardar kroner. Vi misunner han eigenleg ikkje. Det må vera eit slit å halda styr på så store verdiar. Men vi skulle gjerne hatt eit par gode råd frå skatteeksperten som har rekna seg fram til at Røkke står oppført med null i inntekt.


 
Dagens kåseri
Her og Nå - hør siste sending
10 SISTE HER & NÅ
10 SISTE NYHETER
Copyright NRK © 2008  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no