skilleBanner kroningsjubileet skille_slutt
Toppbanner Her & Nå 3_1_gif
Her er du: NRK.no > Programmer > Radioarkiv > Her & Nå
Her & Nå
Tlf. 7388 1400

 
Kåseriet:

Høgare rente eller billegare sprit?

I dag var det trontaledebatt i Stortinget. Eit viktig tema var kor mykje vi kan bruka av oljepengane.
ved Egil Johan Ree

Publisert 09.10.2002 15:13.
I går var dei i debatt fjernsynet, både i NRK og i TV2, i dag er dei i debatt i Stortinget: Bondevik, Hagen og Halvorsen, Halvorsen, Hagen og Bondevik. Og så Per Kristian Foss. Om att og om att. Vituge, kunnskapsrike politikarar som vi har sett til å styra landet og oss kravstore og bortskjemde velgjarar. Det burde vera lett, så mykje pengar som dei har å rutta med, men så blir det berre bråk. Og vi arme borgarar veit ikkje riktig kva vi skal tru.

Vi er ikkje økonomar. Vi har vår vesle inntekt som rekk til det vi synest vi treng for å leva eit brukbart liv. Somme av oss har litt meir, somme noko mindre. Men vi har ikkje det luksusproblemet som politikarane har: eit enormt overskot.

Dette overskotet må vi ta av, seier Hagen. Så kan vi få betre skolar og betre eldreomsorg, billegare sprit og billegare bensin. Nei, seier alle dei andre, brukar vi meir av overskotet blir det høgare rente, sterkare krone og meir arbeidsløyse. Vi prisar oss ut av dei marknadene vi skal leva av. Får vi billegare sprit, drikk vi oss forderva, og får vi billegare bensin, forureinar vi endå meir enn vi gjer i dag.

Dette har økonomar og andre ekspertar rekna ut for regjeringa. Men så tenkjer mange at også Hagen må ha snakka med økonomar før han kjem med alle lovnadene sine. For Hagen vil vel heller ikkje at vi ha skal ha høg rente og meir arbeidsløyse. Kjenner Hagen økonomar som seier at alt skal gå bra uansett om vi brukar nokre milliardar meir?

Om dette står striden i Stortinget, og vi velgjarar vaklar i trua. Dei fleste av oss vel å lita på dei som vil køyra stramt og forsiktig. Det høyrest liksom tryggast ut. Men ein tredel av velgjarane lit for tida på Hagen. Dei er politiske analfabetar som ikkje forstår seg på økonomi, seier Torbjørn Berntsen. Det var kanskje ikkje så lurt sagt, men Berntsen stiller ikkje til val lenger, så han kan sjikanera velgjarane så mykje han lystar. Men litt rett har han kanskje likevel, den gamle ringreven. Det er ikkje så enkelt for mange av oss å begripa desse økonomiske lovane. Det er ikkje så lett å rekna kva som kunne skje dersom Hagen fekk bruka alle pengane han så gjerne vil spandera, men vi er førebels skeptiske.

Vi får studera innlegga i trontaledebatten nøye og høyra etter kven som argumenterer best. Det kan ikkje vera lett å vera politikar i desse dagar, men det er neimen ikkje lett å vera velgjar heller.


 
Dagens kåseri
Her og Nå - hør siste sending
10 SISTE HER & NÅ
10 SISTE NYHETER
Copyright NRK © 2008  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no