skilleBanner kroningsjubileet skille_slutt
Toppbanner Her & Nå 3_1_gif
Her er du: NRK.no > Programmer > Radioarkiv > Her & Nå
Her & Nå
Tlf. 7388 1400

 
Politileiar i Telemark:

- Nei til kampsport i fengsel

Yoshinao Nanbu, grunnleggar av Nanbudo.
Yoshinao Nanbu, grunnleggar av Nanbudo.
Kampsporten Nanbudo skapar debatt i Skien Fengsel. Der driv drapsdømte Gamal Hosein og andre fangar med den japanske kampsporten. Dette er det same som å tilby fangar valdstrening, meiner politileiar i Telemark.

Publisert 08.10.2002 15:37. Oppdatert 10.10.2002 13:44.
LYD OG VIDEO  Lyd Video
Hjelp | Mer lyd og video
aagot.opheim@nrk.no

Samhandling og harmoni


I Skien Fengsel har mellom 10 og 20 fangar drive med kampsporten Nanbudo sidan august. - Dette er glimrande for folk i psykisk ubalanse, seier Jan Moen som trenar Gamal Hosein og dei andre fangane i Nanbudo. - Treninga legg vekt på harmoniske rørsler, og gjer du slike rørsler mange nok gonger, blir du harmonisk sjølv også, seier han.

Han meiner Nanbudo skiller seg frå kampsportar som karate og taekwondo fordi dei er meir agressive. I Nanbudo skal utøvaren vika når det kjem eit åttak. Men han meiner mange kampsportar i organiserte former kan ha ein plass i norske fengsel. - Slik kan fangar læra sjølvforsvar og samhandling. Dei lærer seg kva som er farleg og blir trygge på kva dei sjølve kan, seier han.

-Valdstrening


Men kampsport i fengsel skapar likevel debatt. - Dette er å tilby fangane valdstrening, seier Jone Blikra. Han er leiar for Politiets Fellesforbund i Telemark.

- Forkasteleg, seier fungerande direktør i Trondheim Fengsel, Steinar Hellesvik. Han har lite tru på at kampsportar kan vera ein måte å få valdelege lovbrytarar meir harmoniske.


 
Dagens kåseri
Her og Nå - hør siste sending
10 SISTE HER & NÅ
10 SISTE NYHETER
Copyright NRK © 2008  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no