skilleBanner kroningsjubileet skille_slutt
Toppbanner Her & Nå 3_1_gif
Her er du: NRK.no > Programmer > Radioarkiv > Her & Nå
Her & Nå
Tlf. 7388 1400

 
Kåseriet:

Kongelege klisjear eller...?

I dag får boka til prinsesse Märtha Louise og Ari Behn fyldig omtale i dei store avisene. Det er ikkje mykje positivt å lesa, men ikkje alle meldarane er like avvisande.
ved Egil Johan Ree

Publisert 08.10.2002 14:39.
Journalistar og kulturskribentar i dei store avisene får boltra seg i dag i omtalen av det som somme kanskje held for å vera årets bok. Det relativt ferske ekte- og forfattarparet som sikkert kasta seg over avisene ved frukostbordet, fekk kanskje ikkje nokon god start på dagen. For her er rikeleg med sarkasmar, flust med ironi og ikkje så lite latterleggjering. Noko anna var vel ikkje å venta når urbane og kongehus-skeptiske bladfolk skal omtala boka som det halv-kongelege og religiøst orienterte paret har skrive.

Ein gudsjammerleg fottur, heiter det i tittelen på Dagbladets artikkel, med tilvising til den såkalla pilegrimsferda Märtha Louise og Ari Behn la ut på før bryllaupet. Vi har å gjera med ei postmoderne utgiving, skriv meldaren: "-rystet sammen av kvasireligiøse anskuelser, høystemte klisjeer, folkeeventyr, turistbrosjyrer og kongelige selvbilder, alt innbundet i så smakløs sjokkrosa at man blir republikaner av pur forskrekkelse". Ja, slik står det i Dagbladet - som elles lurer på om paret kan ha fått i seg fluesopp på turen.

I Dagens Næringsliv får vi høyra at boka er spekka med storslagne ord og dei mest vanvittige metaforar, med "kjærlighetserklæringer så inderlige at de mer tvisynte blant oss knapt kan tro hva vi leser". "Kongeleg absurd" har Dagens Næringsliv sett som tittel, og dei to forfattarane blir omtala som landets i særklasse underlegste par.

I VG blir boka kalla platt, patetisk og pompøs. Boka kallar på medkjensle, hevdar VG-meldaren.

Etter desse salvane må det for Märtha Louise og Ari Behn ha vore kjekt å bla seg fram til Vårt Land og Aftenposten, som begge er langt meir positive. I Vårt Land er det presten frå pilegrimsferda som skriv, og han forsvarar ordbruken og valet av språklege bilete. I Aftenposten meiner meldaren at det er ei fin bok, ikkje heilt god, men oppriktig og reinslegare enn frykta. Avisa lurer på om vi er på veg inn i ei tid då det blir stovereint å lufta metafysiske synspunkt offentleg.

Det er som vi skjønar i dei to sistnemnde avisene forlaget må leita for å finna positive sitat som kan høva i reklametekstane. På den andre sida er det ikkje sikkert at det er naudsynt å bruka så mange reklamepengar. Så mykje gratisomtale som boka alt har fått, kan det godt henda at folk er blitt så nyfikne at dei kjøper henne likevel. Dermed kan ho i alle fall bli ei lysfontene for Kirkens Bymisjon som visst nok skal få ein del av inntekta.



 
Dagens kåseri
Her og Nå - hør siste sending
10 SISTE HER & NÅ
10 SISTE NYHETER
Copyright NRK © 2008  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no