Kåseriet: Lekkasje på SlottetFor nokre år sidan vart det brukt store summar på å pussa opp slottet i Oslo. Men arbeidet på taket kan ikkje ha vore gjort skikkeleg, for nå har dei hatt lekkasje.
ved Egil Johan Ree Publisert 01.10.2002 14:00. Skal det ingen ende ta, tenkte vel kongen og dronninga då dei sprang med plastbøtta for å fanga opp dropane frå slottstaket. Her har vi pussa opp for over ein halv milliard og endå er ikkje taket tett. Det er ikkje anna enn plager med gamle hus, særleg når dei har flate tak.
Bråket om oppussinga for nokre år sidan høyrer nok ikkje til kongefamiliens beste minne. Det statlege kontoret Statsbygg skulle stå for arbeidet på Slottet, ei oppussing som burde ha vore gjort mange år før. Men tidlegare kongar kvidde seg visst for å tigga staten om pengar, og dermed breidde forfallet seg i kongebustaden. Nå skulle det tas eit skippertak. Men som så ofte er tilfelle når gamle hus skal reparerast, så dukkar det stadig opp nye ting undervegs, råtne bord her og brannfarlege leidningar der. Stortinget løyvde pengar, men rekningane strøymde inn. Statsbygg vedgjekk at dei nok ikkje hadde vore heldige med prosjekteringa. Slottet klaga over at arbeidet tok lang tid, Statsbygg klaga over at Slottet stilte for dyre krav. Det var eit ståk utan like, pengane rann ut og sluttrekninga kom på over 500 millionar kroner.
Så skulle ein tru at alle var nøgde, men så vel var det ikkje. Nå har det vore lekkasje i taket, melder Dagbladet i dag. Hola skal vera tetta nå, men Slottet ber om pengar til å undersøkja skikkeleg. Kanskje finst det fleire svake punkt. Kongen, eller kanskje helst dronninga, vil og ha pengar til nye lysekruner. Dei vil pussa opp ein liten festsal og ha ny heis og trapp i den nordre sidefløyen.
Det er sikkert ikkje urimelege krav. Skikkelege lysekruner bør dei ha på Slottet, og når det gjeld heisen må ein ta omsyn til at kongeparet drar på åra og etter kvart kvir seg for å gå i trapper. Men viktigast er sjølvsagt taket. Etter den dyre oppussinga kan ein ikkje risikera at regn og smeltevatn piplar inn og øydelegg alt som er gjort. Finansministeren må nok finna plass på budsjettet til ei lita ekstraløyving. Kor stor den blir, er ennå uklart, men slottsforvaltaren opplyser til Dagbladet at Statsbygg er i gang med å finna ut kor store skader det er snakk om på slottstaket. Finansministeren kan berre vona at dei statlege byggekspertane er flinkare til å rekna og prosjektera nå enn dei var sist gong dei var borti Slottet.
|