skilleBanner kroningsjubileet skille_slutt
Toppbanner Her & Nå 3_1_gif
Her er du: NRK.no > Programmer > Radioarkiv > Her & Nå
Her & Nå
Tlf. 7388 1400

 
Kåseriet:

Osama bin Laden - død eller levande?

Amerikanarane leitar framleis etter terroristleiaren Osama bin Laden. Problemer er at dei ikkje veit kvar dei skal leita. Heller ikkje er dei sikre på om han framleis lever.
av Egil Johan Ree

Publisert 30.09.2002 14:10.
Osama bin Laden høyrer vi lite til om dagen. Verdas mest ettersøkte mann er søkk borte. Siste gong nokon skal ha sett han var for om lag ti månader sidan i Tora Bora, fjellområdet i Afghanistan der han og tilhengjarane hans hadde halde til i årevis. Men også desse siste observasjonane er usikre.

Verdas mest effektive etterretningsapparat er i sving saman med dei tøffaste soldatane i amerikansk uniform og det mest avanserte utstyret som finst. Men bin Laden er ikkje å finna. Er han i Afghanistan eller i Pakistan eller ein heilt annan stad? Eller er han død, slik at heile leiteoperesjonen er fånyttes? Avisa New York Times går grundig gjennom alle spørsmål i dag, men har ingen konklusjon å koma med.

I Tora Bora-området har amerikanske B 52-fly slept tonnevis med bomber for å knusa fjellholene der bin Laden og folka hans heldt til. Området er ein ruinhaug, og for alt ein veit kan terroristleiaren liggja død under steinhaugane der. Men så kan han ha tatt seg over fjellet og inn i Pakistan, for amerikanarane nølte visst med å halda vakt i desse uframkomelege fjellstroka. Dermed kan det henda at han gøymer seg i ein av dei pakistanske byane. Eller han kan ha reist lenger av stad. Kanskje til Jemen, spekulerer New York Times. Det er der han opprinneleg kjem frå.

Ein annan teori er at han døydde i dei afghanske fjella fordi dialyseapparatet hans vart øydelagt. bin Landen lid av ein nyresjukdom og er - eller var - avhengig av dette apparatet. Den pakistanske leiaren general Musharraf har antyda at han stør denne teorien.

Amerikanarane er frustrerte og stiller spørsmål om kor viktig det er å finna han. Somme meiner at jamvel om han er i live, er det så lite att av nettverket hans at han ikkje er i stand til å organisera fleire al Qaida-aksjonar. Andre meiner at dersom han lever, er han farlegare enn nokon gong. Uansett om han lever eller ikkje, så er han ein helt for mange i den muslimske verda, særleg for fanatiske ungdomar.

Nå er det sjølvsagt Saddam Hussein som er den store skurken for amerikanarane. Det er namnet hans som dominerer i media i desse dagar, bin Laden er komen i bakgrunnen. Men 11. september er ikkje gløymt, og amerikanarane har ingen planar om å stansa jakta på mannen dei meiner står bak. Dei har i grunnen ikkje noko val så lenge ingen har prova at han er død. For dersom han lever, kan han dukka opp att.


 
Dagens kåseri
Her og Nå - hør siste sending
10 SISTE HER & NÅ
10 SISTE NYHETER
Copyright NRK © 2008  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no