Kommunen slår tilbake- Vald, trugsmål og rus var mellom årsakene til at Svanhild Kristine Jensen (bildet) vart fråteken ungane sine, seier Ulf Hansen, advokat for barnevernet i Kvænangen. Av Kjetil Malkenes Hovland. Publisert 27.09.2002 16:15. Oppdatert 27.09.2002 16:23.- Barnevernet var tidleg inne i denne saka med bekymringar på grunn av barnemora sin livssituasjon, særleg på grunn av sambuaren hennar, seier advokat Ulf Hansen. Han viser til fylkesnemnda sitt vedtak, og hevdar at rus, vald og truslar i heimen var mellom årsakene til at tobarnsmora blir fråteken ungane sine.
Evnene var årsaka
- Vald, trugsmål og rus hadde ingenting med fylkesnemnda si avgjerd å gjere, seier Harald Høgseth, advokat for den 24-årige barnemora.
- Desse påstandane er feilaktige. Saka vart brakt inn for nemnda av to grunnar. Det eine var mistanke om omsorgssvikt, noko nemnda avviste. Sambuaren sitt rusmisbruk vart også nemnt, men vart avvist av nemnda. Det avgjerda er bygd på, er ei vurdering av framtidig omsorgssvikt på grunn av barnemora sitt evnenivå, seier Høgseth.
- Ville hjelpe tidleg
Barnevernet var bekymra for mora heilt frå ho fødde det første barnet, seier advokat Ulf Hansen til Her og nå.
- Barnevernstenesta foreslo allereie då eit opphald på ein mødreheim for å betre omsorgskompetansen hennar. Barnemora valde å ikkje ta imot, ei avgjerd ho tok i samråd med sambuaren. Ho har avslått tilbod om vegleiing, heimekonsulent, avlastning og hjelp til å finne sin eigen bustad, og det var så vidt vi fekk henne til å ta imot barnehagetilbod. Då ho vart gravid igjen, vart barnevernet endå meir bekymra, seier Hansen.
Er flytta
Den tidlegare sambuaren er no flytta ut. Men ifølgje Hansen har dette ikkje fått verken barnevern eller fylkesnemnd til å endre syn.
- Den nye busituasjonen hennar oppstod ei veke før fylkesnemnda tok si avgjerd. Det vart då reist spørsmål ved om barnemora ville halde fram med å vere åleine, seier Hansen, som hevdar nemnda slutta seg til barnevernet. Dei meinte at faren ville oppsøke barnemora igjen, og at vald- og rusproblema ville halde fram.
- Det var fare for at faren framleis vil vere på banen, ja, seier Hansen.
- Berre spekulasjonar
- Dette er rein spekulasjon. Det er ingenting i denne saka som tyder på at den tidlegare sambuaren ville gjere noko mot familien. Det som kanskje var problemet, var at han var oppfarande og kanskje vart oppfatta som aggressiv mot det offentlege, mellom anna barnevernstenesta. Men heime var det ingenting som tilsa at oppførselen hans skulle vere skadeleg for nokon, seier Harald Høgseth.
Siste saker:
|