skilleBanner kroningsjubileet skille_slutt
Toppbanner Her & Nå 3_1_gif
Her er du: NRK.no > Programmer > Radioarkiv > Her & Nå
Her & Nå
Tlf. 7388 1400

 
Kåseriet:

Dusjforheng til 45 000 kroner

Stadig fleire pikante detaljar kjem fram i ei av dei store skandalane i amerikansk næringsliv. Den tidlegare toppsjefen for konsernet Tyco International, som er sikta for bedrageri, skal ha brukt ein milliard kroner på seg sjølv.
Ved Egil Johan Ree

Publisert 18.09.2002 15:15.
Kva med eit hundeparaplystativ til 100 000 kroner, eller eit dusjforheng til 45 000? Ikkje noko problem for Dennis Kozlowski den gongen han var sjef for Tyco International. Kozlowski hadde ingen hemningar når han var på handletur. Problemet var at det var firmaet sine pengar han brukte, ikkje sine eigne. Ein milliard eller så skal han ha brukt på seg sjølv utan at eigarane av konsernet visste om det.

Ein milliard er ikkje så lite pengar, jamvel i eit stort selskap som Tyco. Det er verdas største produsent av elektriske og elektroniske komponentar og verdas største på fleire andre felt. Tyco er eit industrikonglomerat som opererer i over 100 land og har meir enn 250 000 tilsette.

Så er det også dimensjonar over pengebruken til den bedragerisikta Kozlowski og ein del andre toppleiarar som nå står for retten og må svara på korleis dei opp gjennom åra jonglerte med firmaet sine pengar. Norske leiarar med feite løner, fallskjermar og opsjonar blir smågutar samanlikna med den elleville Kozlowski. Han og finansdirektøren i Tyco svindla selskapet for om lag 4,5 milliardar kroner, går det fram av tiltalen. Dei ga seg sjølv svære bonusar i tillegg til lån som dei seinare sytte for vart sletta utan at styret vart orientert.

Det siste som er kome fram er detaljar om Kozlowskis sans for luksus. I husværet på Fifth Avenue i New York brukte direktøren 80-90 millionar kroner på oppussing, kunst og antikvitetar. Sjølve husværet kosta nærare 150 millionar. Då kona til Kozlowski fylte 40 år, let han firmaet betala festen som vart halden på Sardinia. Den kosta bortimot 20 millionar kroner. Til selskapet fekk han laga ein kopi i is av Michelangelos skulptur David. Frå dei edlare delane av isskulpturen rann det vodka i strie straumar ned i krystallglas.

Sansen for kvalitet syner seg og i innkjøpa av ting til huset. I tiltalen er det nemnt kleshengjarar til vel 20 000 kroner, to par laken til 45 000 kroner og ei sykorg til nesten 50 000.

Dennis Kozlowski er rimelegvis ikkje lenger sjef for Tyco International. Nå risikerer har varetektsfengsel fordi han ikkje kan betala kausjonen på 750 millionar kroner. Firmaet har sperra kontoane hans, så strengt tatt er han blakk. Mange synest nok at det kan vera til pass for han.


 
Dagens kåseri
Her og Nå - hør siste sending
10 SISTE HER & NÅ
10 SISTE NYHETER
Copyright NRK © 2008  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no