skilleBanner kroningsjubileet skille_slutt
Toppbanner Her & Nå 3_1_gif
Her er du: NRK.no > Programmer > Radioarkiv > Her & Nå
Her & Nå
Tlf. 7388 1400

 
Kåseriet:

Kva gjer utvalet for teknisk sprit?

Staten har oppnemnt 560 råd og utval med i alt 5400 medlemer. Ein stortingsrepresentant meiner nå at mange av desse råda og utvala bør fjernast.
ved Egil Johan Ree

Publisert 16.09.2002 14:03.
Ikkje veit vi kven som sit i den statlege nemnda for teknisk sprit og ikkje veit vi kva nemnda driv med. Men vi må gå ut frå at det er viktige saker dei diskuterer. Sprit er ikkje til å spøkja med her i landet, så vi reknar med at det er alvorstunge menn og kvinner som samlast til møte. Det er sikkert budsjettert med servering, om ikkje av sprit, så i det minste kaffi og wienerbrød, eller kanskje både smørbrød og middag om deltakarane har reist langt. Og det har sikkert somme av dei, for i statlege råd og utval bør det i demokratiets namn sitja folk frå alle kantar av landet. Honorar har dei sikkert og fortent for sitt samfunnsgagnlege arbeid.

Somme synest visst det er for mange slike råd og utval, og nå er det ein stortingsrepresentant for Framstegspartiet, Ulf Erik Knudsen, som i VG i dag meiner det er på tide med ei sanering. Knudsens parti er som kjent ikkje tilhengjar av for mykje byråkrati og regulering, slett ikkje når det gjeld sprit.

Knudsen vil ikkje koma med detaljerte råd når det gjeld kva slag råd og utval som bør fjernast. Detaljarbeidet bør dei departementale styresmaktene ta seg av. Men VG har ei liste som det kanskje kan bli aktuelt å sjå nærare på. På lista finn vi t.d. Sakkundig råd for flyttbare innretningar. For alt vi veit gjer det sakkundige rådet ein framifrå innsats for fedrelandet, men spørsmålet er om dei flyttbare innretningane hadde greid seg utan eit statleg råd.

Vidare les vi om Statens fellesblankettutval. Det står ikkje oppgitt i avisa kva utvalet steller med, men dersom mandatet er å erstatta alle statlege blankettar med ein fellesblankett, vil vi tru at også Framstegspartiet kunne vera interessert i å la utvalet få halda fram. Meir skeptiske er vi kanskje til Utanriksdepartementets tekstilutval, men her manglar vi og detaljar om oppdrag og mandat. Eit Utval som har til oppgåve å uttala seg om bruken av rentepengane frå skogavgifta kan sikkert vera nyttig å ha, men spørsmålet er her om Finansministeren kanskje kunne greid å bruka rentepengane utan hjelp frå eit utval.

Vi ser elles i avisa at stortingsrepresentant Knudsen er skeptisk til Bunad- og folkedraktrådet. Han er ikkje sikker på at staten bør blanda seg bort i form og farge på folkedrakter og bunader. Her kan det nok tenkjast at Knudsen bør trø varsamt. Når det gjeld spørsmål av så alvorleg, nasjonal karakter er det nok tryggast at staten kjem inn som siste instans om vi skal unngå anarkistiske tilstandar i 17.-maitoget.


 
Dagens kåseri
Her og Nå - hør siste sending
10 SISTE HER & NÅ
10 SISTE NYHETER
Copyright NRK © 2008  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no