skilleBanner kroningsjubileet skille_slutt
Toppbanner Her & Nå 3_1_gif
Her er du: NRK.no > Programmer > Radioarkiv > Her & Nå
Her & Nå
Tlf. 7388 1400

 

- Matar ikkje soldatar!

- Vi mater ikkje soldatar, seier informasjonsleiar Ivar Christiansen i Norsk Folkehjelp. Han har sjekka The Economist sine påstandar med folk ute i felten, og meiner avisa tek feil.

Publisert 06.09.2002 15:49.
The Economist har følgd kommandant Peter Gadeat i geriljastyrkane, og skriv mellom anna: "Om morgonen kjem eit småfly med mat til soldatane hans frå ein norsk hjelpeorganisasjon, delvis finansiert av USAID". USAID er den statlege amerikanske bistandsorganisasjonen, som samarbeider med Norsk Folkehjelp. Begge organisasjonar jobbar med å hjelpe folk i geriljakontrollerte område i Sør-Sudan.
- Norsk Folkehjelp står nokså fritt i høve til den offisielle livlinja til Sudan, og det likar ikkje regjeringa. Vi blir ofte skulda for å hjelpe soldatar med både mat og våpen. Ingen av delane er sanne, seier Ivar Christiansen.
- Soldater trengjer ofte inn i område der vi har gitt mat, og tar eller får frå dei som bur der. Vi har strenge retningsliner på å ikkje gi mat til soldatar.

Har sendt mat

Christiansen bekreftar at Norsk Folkehjelp nyleg sende 3,9 tonn mat inn i byen Tam i Upper Nile-området, men hevdar at soldatane som stod i utkanten av byen umogeleg kan ha fått mat direkte frå Norsk Folkehjelp.
- Vi ser på når maten blir delt ut, og det er kvinner og gamle som tek imot og ber maten bort i sekkar. Soldatar blandar seg ikkje opp i matutdelinga, seier han.

UD vil ha svar

Utanriksdepartementet (UD) tok kontakt med Norsk Folkehjelp umiddelbart etter at dei vart merksame på oppslaget i The Economist.
- Vi har bede om eit svar på om påstandane er riktige. Vi tolererer ikkje noko form for bistand til soldatar frå organisasjonar som får bidrag frå oss, seier informasjonssjef Jon Mørland i UD. Han innrømmer at det er vanskeleg å fordele mat i eit krigsherja område som Sør-Sudan.
The Economist skildrar SPLA-kommandant Gadeat sin travle dag: "Like etter kommer en sikkerhetsoffiser fra FN og gir tips om hvordan man skyter ned helikoptere. Sent på ettermiddagen kommer et fly fra Kenya. Det har med seg trekasser med våpen. Mens de øver, synger Gadeats menn oppildnende krigssanger med refrenger som "Drep araberne" og "Vår leder stopper oljen"." Konflikten i Sudan er både etnisk og religiøs. I det regjeringskontrollerte nord-Sudan er det islamsk styre og flest arabarar. SPLA-geriljaen held til i sør-Sudan, som har eit fleirtal av kristne afrikanarar. Men den kanskje viktigaste årsaka til krigen i det afrikanske kjempelandet er ein ressurs Noreg og Sudan har felles: Olje.

Kjempar om olje

Vestlege oljeselskap kjemper om oljekonsesjonar i Sudan. Samtidig brukar vestlege regjeringar hundrevis av millionar dollar på å hjelpe folk som blir jaga bort frå oljeområda. Konflikten i Sudan blir ikkje enklare av at FN gir 70.000 tonn mat til Sudan kvart år, skriv The Economist. Men Norsk Folkehjelp vil ikkje stoppe tilførsla av mat fordi om soldatar et av lasset.
- Vi må berre akseptere at noko av maten kjem på avveie. Det meste av han kjem til folk som verkeleg treng det, seier Ivar Christiansen.

Av Kjetil Malkenes Hovland


 
Dagens kåseri
Her og Nå - hør siste sending
10 SISTE HER & NÅ
10 SISTE NYHETER
Copyright NRK © 2008  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no