skilleBanner kroningsjubileet skille_slutt
Toppbanner Her & Nå 3_1_gif
Her er du: NRK.no > Programmer > Radioarkiv > Her & Nå
Her & Nå
Tlf. 7388 1400

 

Nøkterne før Johannesburg

Dei nordiske miljøvernministrane er nøkternt optimistiske før FN-toppmøtet i Johannesburg. Men USA kan igjen visa seg som ei miljøsinke.

Publisert 20.08.2002 15:46. Oppdatert 20.08.2002 16:03.
av Håvard Kleppa

Børge Brende ønskjer handling frå USA.
120 stats og regjeringssjefar møtest på toppmøtet i Johannesburg i Sør Afrika om få dagar - men - ikkje den amerikanske presidenten. Amerikanarane sender utanriksminister Colin Powell. Det uroar ikkje den norske miljhøvernministeren Børge Brende, som meiner det spelar lita rolle kven som representerer USA på toppmøtet - berre det blir handling.

Brende møtte dei andre nordiske kollegaene sine i Trondheim i dag, for å førebu toppmøtet.

I Johannesburg skal stats- og regjeringssjefane møtast for å vidareføra vedtaka frå Rio-toppmøtet om miljø og utvikling i 1992 - kjend som Brundtlandrapporten.

USA bremsar

At USA har så stor makt, gjer at denne konferansen også vil halta dersom USA er passive. Så langt er det ingen hemmelighet at USA har vore den store bremseklossen, mellom anna ved å seia NEI til den forpliktande Kyotoavtalen for å redusera utslepp av klimagassar.

- Det avgjerande er å få til forpliktande avtalar som sikrar at dei fattigaste landa får velstandsutvikling - samtidig som miljøet blir ivaretatt. Det er ei stor og krevande oppgåve, men eg trur vi skal lukkast, seier den danske miljøvernministeren Hans Christian Schmidt. Danmark kjem til å spela ei viktig rolle på møtet fordi Danmark har formannskapet i EU dette halve året:

Forpliktelsane ikkje innfridd

Det er ti år sidan toppmøtet i Rio de Janeiro, som resulterte i to konvensjoner: En om biomangfold og en om klima. Resultatet er at verken forventningane eller forpliktelsane er innfridd.

Kyoto-avtalen om reduserte utslepp av drivhusgassar var den verkeleg store prøven på vilje til endring.

Den satt uhyre langt inne, og eit stort tilbakeslag var at USA sa nei til avtalen.
På denne konferansen skal IKKJE nye konvensjonar bli vedtatt, men det er ønske om nye konkrete standardaer for miljø og utvikling, med konkrete tidsplanar.

Sterkare vilje

- Det er avgjerande at me lukkast denne gongen, seier Børge Brende, den norske miljøvernministeren.

- Eg trur den store skya over Asia vi har høyrt om kombinert med det voldsomme uveret i Europa denne sommaren gjer at viljen til å finna løysingar er sterkare enn før.









 
Dagens kåseri
Her og Nå - hør siste sending
10 SISTE HER & NÅ
10 SISTE NYHETER
Copyright NRK © 2008  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no